29. desember 2008

Dagens reiselåt

Eg flyg med Frankie Boy i dag. Ikkje til månen, men nesten. Iallfall til Oslo, tilbake til byens pulserande larm (er det ikkje det det heiter?) frå øya eg har vore på den siste veka. Og øy er fint. Men by er også fint. Og no er eg klar for byliv.

Så her er han altså, Frank Sinatra og Fly Me To The Moon, i ein storbandversjon med spark i, som mest av alt får meg til å tenke på Las Vegas, men som jo eigentleg handlar om kjærleik.

Ingen kommentarer: