29. desember 2008

Dagens no er eg framme-låt

Så kom eg meg attende til hovudstaden.
Sjølv om eg, utruleg nok, hadde klart å bestille flybillett feil veg. Altså ikkje heim og til Oslo, men frå Oslo og heim. Det har aldri skjedd før. Nok eit døme på at denne hausten har teke på. Eg har aldri vore distré i mitt liv, men plutseleg har eg byrja gløyme både det eine og det andre (her, til dømes, gløymte eg ordet "gløyme", men eg tok det på korrekturen). Ja ja. Litt dyrt blei det, men eg fekk no plass.

Og kva skjedde då eg skulle gå til sikkerheitskontrollen? Jau, då datt mobilen min i golvet og knuste. Hurra. Merkeleg nok gadd eg ikkje reagere. Det kan vere juleforkjølinga som har lamma opphissingssenteret i hjernen, ikkje veit eg. Men eg tenkte iallfall, som eg så ofte både har tenkt og sagt i det siste: Ja ja. Det er no ikkje verdas undergang.
Så kjøpte eg meg ein latte og las Andvake. Og jammen fekk eg ikkje skrive litt, òg!

Men no er eg altså tilbake i ei kald leilegheit i Oslo. Det var godt å kome hit. Snart skal eg ordne meg ei kanne te, og sjå andre episoden av Cranford på tv.

Men først måtte eg tenke litt på Stone Roses igjen. Og det var desse strofene som slo meg:

Ring a ding ding ding I´m going down
I´m coming around


Så her er The Stone Roses, tøffaste bandet på åttitalet, med ein laivversjon av låten Going Down.

2 kommentarer:

Cathrines blogg sa...

Hei :o)
Du verden for en kjekk blogg! Her vil eg gjerne titte innom igjen! Ønsker deg et riktig godt nytt år, sees :o)

Aina sa...

Takk for det! Så hyggeleg!
Velkomen igjen og igjen. Og eit godt nytt år!