12. november 2008

Mental førebuing

Eg førebur meg mentalt på Boknatta.
Det er eit stramt regissert opplegg, med ein køyreplan som kan fortelje at eg har scenetid frå 20.02-20.17, og i løpet av desse 15 minutta skal eg først lese frå boka, deretter ha ein samtale med Arnhild Skre, om historisk kjeldearbeid, om poetisk prosa, om å omgi seg med historiske kjelder kvar dag på jobben min i Oslo byarkiv.

Eg har kutta ned lesinga frå 10 minutt til 5-6 minutt, slik at vi skal rekke å snakke litt.
Det kjennest som ei kjekk utfordring. Eg håper det kjem mykje folk for å høyre på oss, og eg gler meg til å høyre på dei andre fire, kva dei har å lese og fortelje om det dei driv med.

5 kommentarer:

Rolf Steinar Bergli sa...

Håper det blir mulig å få se, eller i det minste høre noe fra dette på nett etterpå... eller er det for mye å håpe på?

Hilsen frå sør!

mette sa...

ja, kjære du, kan du gi litt på nett for oss som er så uheldige å vere særskilt langt unna? alle må vite dette!

hugen sa...

Takk for spennande samling, boknatta i Aasentunet 12.november 08. Boka eg nemnde er "Galgiholm" av Jostein Krokvik. Utdrag frå boka på http://www.hugen.no/staffeli/lunn17.htm

Aina sa...

Kjekt at du likte det, Hugen.
Og takk for boktips. Det skal eg sjekke ut ved høve!

Aina sa...

Då er rapport på plass! :)