14. november 2008

Boknatt i ord

Eit par venlege sjeler har etterlyst ein rapport frå Boknatta i Aasen-tunet som eg deltok på onsdag 12. november, og her kjem han. Eg tenkte først eg skulle kalla innlegget Endå ein entusiastisk rapport, men det blei med tanken, denne gongen. For det var ei veldig fin oppleving, det var fint på så mange plan, og det var veldig spennande og interessant.

Aller først kan eg jo raskt skissere opplegget, som var omtrent slik:

Eg las litt frå Ingen må vite. Etterpå intervjua Arnhild Skre meg på scena, om kjeldegranskinga som ligg bak boka, om språket mitt, midt mellom poesi og prosa, og vegen vidare, og om å omgi seg med historisk kjeldemateriale på jobb kvar dag. Så las Solfrid Sivertsen frå haustens roman Eit plutseleg mørke, deretter las Hilde K. Kvalvaag frå sin roman Skagerrak, og Arnhild intervjua dei begge. Intervjua dreidde seg om litterære førebilete og inspirasjonskjelder, bakgrunnen for val av tematikk i bøkene, mv.

Etter ein pause var det så Marit Eikemo sin tur. Ho las frå essaysamlinga Samtidsruinar, og snakka med Arnhild om å skrive sakprosa kontra skjønnlitteratur, og om researchen som ligg bak boka. Så var det ein ny pause, før vi fekk sjå kortfilmen Liten knute, basert på novella av Gunnhild Øyehaug. Så las Gunnhild frå Vente, blinke, før ho diskuterte boka med Arnhild. Dei kom sjølvsagt også inn på Bragepris-nominasjonen.

Det var ein kort rapport frå programmet.
Vi var heldige med publikum. Det verka rimeleg fullt i salen, folk var veldig greie og velvillige, og fleire av oss fekk signere ei bok eller to i pausane.

Eit viktig aspekt ved å få delta på slike arrangement er sjølvsagt det å få bli kjent med andre og meir etablerte forfattarar. Det er veldig kjekt. Og alle desse er interessante og hyggelege folk. Vi blei sitjande på kafeen i Aasen-tunet etterpå, berre deltakarar og arrangørar, og ta eit glas vin og diskutere alt frå litteratur til livets små viderverdigheiter. Og eg har fått endå ein opptreden på baken, og kjenner no at dette er noko eg verkeleg liker å gjere. Eg liker å lese mine eigne tekstar, snakke om mi eiga skriving og bok, og eg kjenner meg motivert og inspirert til å skrive meir. Og så har eg sjølvsagt eit par nye forfattarskap å bli kjent med. Eg og Hilde Kvalvaag nytta høvet til å bytte bøker, og eg får også tilsendt Marit Eikemos skjønnlitterære debut frå 2006, som har fått enormt gode kritikkar, og som eg lenge har tenkt å lese, frå forlaget.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Å, dette hørtes kjekt ut!

Aina Basso sa...

Det var veldig kjekt! Ein berikande kveld for min del. Eg kjenner det som eg veks på kvart arrangement og med kvart møte!

Anonym sa...

gled deg til eikemos bok. den er en av mine favoritter, morsom, lett, med en kul vri på eiendomsmeglerbransjen :)

Aina Basso sa...

Kult. Har fått tilsendt hennar første, no, frå vårt felles (skjønnlitterære) forlag (gratis, greie folk, skjøner du).