2. november 2008

Meir musikk og litt animasjon

Det er søndag, eg sit under eit pledd i sofaen, på tv-en går ein dokumentar om dei to amerikanske presidentkandidatane, som verkar å vare evig, eg lyttar til amerikanske julesongar (Bing Crossby - White Christmas, Dean Martin - Let It Snow, Judy Garland - Have Yourself a Merry Little Christmas) og nokre populærmusikalske julesongar (The Pogues - Fairytale in New York, Chris Rea - Driving Home For Christmas), eg veit det er litt tidleg, men eg kom slik i julelune, plutseleg. Eg er jo veldig julete, som nokre av dykk kanskje veit.

Det har vore ei helg i musikkens teikn. Gammal og ny, kjent og ukjent.
I går var eg på ein fantastisk musikkfestival her i Oslo, Kennel Connects-festivalen. Der var det mange unge, lovande musikarar innan dei fleste sjangrar, og vi gjekk frå den eine konserten til den andre heile kvelden. Høgdepunkta var elektronikaartisten Cuckoo (også kjent som Andreas Paleologos eller animatøren Palegolas, han lagar for øvrig nydelege og morosame musikkvideoar, som Pärris av Dinosau og A Cheaters Armoury av Hanne Hukkelberg), den fantastiske Mari Kvien Brunvoll som har ei av dei nydelegaste stemmene eg har høyrt, og som speler inn loopar live på scena med imponerande presisjon og musikalitet, og The Captain & Me, som leverte eit forrykande show til eit hoppande publikum.

Ute er det sol og kaldt, nokon speler lydlaust piano på tv-en, og eg lyttar til There Is No Tomorrow med The Captain & Me. Men det er det nok.

Illustrasjon lånt frå Palegolas, eg håper han tilgir meg.

2 kommentarer:

mette sa...

palegolas-illustrasjon: det er jo eit lite vindauge i bloggen din! eg får ikkje auga vekk frå slikt som rører på seg!

Aina sa...

Hehe. Så du får ikkje til å lese det som står der, med andre ord? I så fall må eg berre beklage, det kjem ikkje til å gjenta seg særleg ofte :)