3. november 2008

Bok og bibliotek

Til orientering for dei som måtte lure:

Det er no vedteke at boka mi blir innkjøpt av Kulturrådet, noko som betyr at ho vil bli innkjøpt i 1550 eksemplar som vil bli fordelt på dei ulike folkebiblioteka i Noreg.
Så til dykk som vil lese, men ikkje kjøpe, så skal det snart vere muleg utan å stå på 7 månaders venteliste på Deichman.

17 kommentarer:

Sesselja sa...

Gratulerer med "kvalitetskontrollen". :)

Aina sa...

Takk!
Eg var vel aldri eigentleg i tvil, men ein veit no ikkje. No er det iallfall opp og avgjort, og eg håper det ikkje blir altfor lenge før biblioteka byrjar få inn fleire eksemplar.

Avil sa...

Det er i grunnen grunn til hurra: Hurra!

cox sa...

Det er deg vel unnt, Aina.
Men 1550 ex.? Jeg trodde det var 1000.

Aina sa...

Ja, hurra!
Cox: Det er 1000 eks for skjønnlitteratur for vaksne og 1550 for skjønnlitteratur for barn og unge. Og så er det vel rundt hundre titlar som blir innkjøpte pr. år, trur eg. Men eg er ikkje heilt etterretteleg på sistnemnte tal. Poenget er at det ikkje er automatikk i det, men at bøkene diskuterast i eit utval før det blir bestemt. Får ein nei har ein høve til å anke, men eg fekk ikkje nei.

Anonym sa...

Ikkje for å øydeleggje gleda, men det pleier å ta litt tid før bøkene kjem ut til biblioteka. Så dei ivrige lesarane som ikkje vil kjøpa, men låna må nok vente litt...

Aina sa...

Hei Anonym.

Ja, ting tek tid. Berre det at dette med innkjøpsordninga ikkje er avklart før boka har vore ute i to-tre månader, seier jo sitt. Ikkje at det er rart, så få som arbeider med saka, og så mange bøker som skal lesast og vurderast.

Men det er no ei gledeleg nyheit, likevel. Den som ventar på noko godt, og så bortetter.

Anonym sa...

Heilt sant, absolutt ei gledeleg nyhet. Har lese (og lånt ut) boka di fleire gonger her på skulebiblioteket "mitt" - ho bør absolutt lesast av fleire :-)

Aina sa...

Nei, så kjekt!
Det var dagens oppmuntringspille!

Anonym sa...

.. fint omslag ... om rettssak .. dette lovspråket snakkar mot forteljinga, ... veldig poetisk .. språk i kontrast med kvarandre... --Denne boka vert samanlikna med Kiffe kiffe i morgen av Guene. ** Referat frå omtale på bibliotekseminar nær Bergen :)

Aina sa...

Takk :)

Tove sa...

Eg har og boka på mitt bibliotek - og den er utlånt for tida! Står stadig i Tove anbefaler-hylla når ho er innom "heime".
Grunnen til at det er fleire eksemplar som vert innkjøpte av barne- og ungdomsbøkene enn dei for vaksne er at også nokre skulebibliotek får gleda av kulturfond-ordninga på desse. Så snart har vi kanskje eitt eksemplar til hjå oss?

Aina sa...

Kjekt å høyre, Tove!
Og kjekt at nokre skulebibliotek òg får glede av innkjøpsordninga. Men korleis er det vurdert kva skulebibliotek som får og ikkje? Eg trudde igrunnen det var slik at skulebiblioteka måtte kjøpe inn sjølve?

Anonym sa...

Trur det går litt på omgang kven som får kva, fylkesbiblioteka som deler ut etter tur. Slik var det i alle fall då eg jobba på skulebibliotek i grunnskulen. No er eg på vidaregåande. Me får ikkje barne-og ungdomsbøker, men alle voksenbøkene. Veldig fin ordning for skulebibliotek har som regel ikkje meir pengar enn dei må ha, og ungdom vil -kanskje endå meir enn andre - alltid ha det nyaste :-)

Aina sa...

Takk for oppklaring!

Ståle sa...

Jeg fikk melding i dag om at boka er postlagt og på vei til en postkasse nær meg. Gleder meg :-)

Aina sa...

Kjekt, Ståle!