23. november 2008

Kor lenge varer ein draum?

I natt har eg drøymt.
Mellom vakne augneblink er draumane blitt avspelte.
Dei kjendest så lange. Så rike.
Dei var så tydelege, så sterke og levande.
Er det sant at draumar berre varer i nokre sekund? At draumar som fortonar seg som lange epos i røynda berre eksisterer i sinnet i ein augneblink? At vi berre drøymer korte stunder av natta, når vi går inn i REM-svevnen? Kva gjer vi elles? Ligg vi der berre, varme, sovande dyr, stille, berre suset frå årer og celler som deler seg?

6 kommentarer:

Lille søster sa...

Jeg visste ikke at drømmer varer så kort! Det gjør dem jo enda mer merkverdige og mystiske.

Aina Basso sa...

Eg veit det ikkje eg, heller. Igrunnen var det eit spørsmål eg håpte nokon andre kunne svare på! :)

Blastocyst sa...

Eg tvilar på at draumar berre kan vare i få sekund. Personleg har eg vakna opp morgonar og gjenfortalt konkrete draumar til meg sjølv, monologar som gjerne har vart i tre-fire minutt.

Hadde alle desse sanseinntrykka blitt komprimert saman i løpet av få sekund, hadde eg umogleg kunne fått dei med meg og hugsa den fulle og konkrete kontekst til neste morgon.

Det hadde likevel vore verkeleg interessant å høyre fasitsvaret til nokon som har greie på fagfeltet, all den tid mitt svar berre kan reknast som sunnmørsk synsing.

mvh
HJ Fivelstad

Aina Basso sa...

Vi oppmodar herved fagfolket til å kome på banen!

Anonym sa...

Jeg mener jeg har hørt at lange, komplekse drømmer faktisk kan spinnes sammen i løpet av noen sekunder, og jeg husker jeg godtok det som forklaring på at jeg iblant klarer å innkorporere lyden av vekkeklokka mi i drømmehistorien, som om den var noe hele drømmen ledet fram mot.

Aina Basso sa...

Ja, det er akkurat det eg har høyrt, òg. Men kan det vere sant? Korleis veit vi det? Korleis kan nokon vite at det kun er når vi har mest hjerneaktivitet vi drøymer? Samtidig har eg opplevd å sove i fem minutt og klare å drøyme lange, kompliserte greier berre på den tida.

Eg er fascinert av draumar. Dei er berre eit tilfeldig samansett oppsop av det ein har tenkt og opplevd i det siste, er det nokon som seier. Som når ein drøymer at ein kyssar den ein er forelska i, ikkje fordi ein faktisk kjem til å gjere det, men fordi ein har tenkt så mykje på det. Men eg liker ikkje å tenke på draumar som medvitets avfall. Det er noko meir der. Det er gode historier.