23. november 2008

Det er faktisk forfattaren sjølv som les

Iallfall denne gongen. Så kan ein jo diskutere kor vidt ein debutant kan kallast forfattar, kor mange bøker ein må ha skrive og gitt ut på eit skikkeleg forlag før ein får kalle seg det. Men det er iallfall mange forfattar som les, og minst ein debutant.

Samlaget har nemleg igangsett eit prosjekt der fleire barne- og ungdomsbokforfattarar skal lese inn små smakebitar frå bøkene sine i ein kompilasjon, som deretter skal distribuerast til interessentar rundt om i det ganske land; skular, bokhandlar, med vidare.

Eg har lesetid i studioet førstkomande tysdag og har i den anledning eit oppdrag framføre meg: Eg må finne eit representativt utdrag frå boka, og dette må ikkje ta meir enn maks tre minutt å lese i roleg tempo.

Ettersom det var lagt opp til at forlaget skulle vere involvert i denne utvelgjinga, ba eg om eit forslag frå redaktøren min. Han føreslo ei overgrepsscene, som eg først syntest var ein god idé. Men så har eg forsøkt å lese denne scena høgt framføre eit publikum, og eg kjenner at det ikkje er denne scena - iallfall ikkje ståande åleine - eg vil at boka mi skal presenterast med. Eg må altså ta meg på tak og prøve å finne nokre passande utdrag.

Det blir kjekt å lese inn. Litt spennande, så klart, men kjekt. Eg lurer på korleis stemma mi høyrest ut på opptak. Det er litt som når vi var små og alltid syntest stemmene våre høyrtest så teite ut når vi leika radio og tok opp med kassettspelaren. Eg er jo blitt van med å høyre stemma mi synge på opptak, men snakke eller lese? Nei, det blir nok ei utfordring.

12 kommentarer:

Lille søster sa...

Fint prosjekt! Lykke til!

Aina sa...

Takk for det!
Eg synest òg det er eit fint prosjekt. Det er eit ledd i marknadsføringa, så klart.

Avil sa...

DU er i alle fall forfattar.

Silje sa...

Høres ut som et bra prosjekt! Alltid rart å høre egen stemme utenfra, men bare vent til du får høre opptak av noen ANDRE som leser opp boka di. Det er rart, det ... (Kjæresten min fikk fatt på et eksemplar av boka mi fra Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek, lest inn av en skuespiller. Jeg har hørt på første kapittel. Pussig. Hun var flink, men jeg syns det gikk litt sakte (tatt i betraktning hvor menge sider man skal igjennom...), og så uttalte hun navnet på hovedpersonen annerledes enn jeg ville gjort)

Aina sa...

Det må vere rart å høyre nokon andre lese. Eg som stort sett hatar lydbøker, vil jo få kregdå viss det nokon gong skjer meg.

Silje sa...

Kregdå, du ...

(Måtte google, og kom opp med betydniga meslinger. Håper det ikke kommer til dét! Det skal ikke være noe særlig i voksen alder ...)

Aina sa...

Wow - får du treff på kregdå? *googlar*

Sjå der, ja! Tja, eg meiner det vel helst i tydinga "makk". Så kan du jo tygge litt på den, òg.

Silje sa...

Tror vel egentlig jeg hadde meninga ut fra konteksten allerede før google kom med sine innspill ...

Aina sa...

Hehe, det er vel ikkje utenkeleg at du skjønte det, nei ;)

Silje sa...

Du må nok belage deg på å få kregdå, forresten. I følge Eli på Elis lesebabbel kommer boka di både på lyd og i punktskrift (se kommentarfeltet på omtalen hennes av boka di). Dette er visst ting som skjer "av seg selv" - uten at verken du eller forlaget ditt er involvert. Men det er jo i grunnen ganske fint!

Aina sa...

Eg toler å få litt kregdå viss det er for at dei som ikkje ser skal få lese boka, dei òg. Det er faktisk ingenting eg er meir for enn det. Det eg eigentleg tenkte på var alle desse Kim Haugen-lydbøkene, som einast er til for salet sin del. Dei gidd eg ikkje høyre på, altså!

Aina sa...

Eg toler å få litt kregdå viss det er for at dei som ikkje ser skal få lese boka, dei òg. Det er faktisk ingenting eg er meir for enn det. Det eg eigentleg tenkte på var alle desse Kim Haugen-lydbøkene, som einast er til for salet sin del. Dei gidd eg ikkje høyre på, altså!