4. november 2008

(Kan hende vinter)

Kanskje er det seint.
Kanskje er det kulde der du finst.
Kanskje står ei dør halvopen og lyser
ut over rima gras
og fotspor, kanskje rekk den tømde kvelden
heilt dit du er, der du hentar skuggar.
Kanskje samlar du jakka i halsen
med ei rørsle eg kjenner altfor godt.
Kanskje ei dør som glir att, og mørkret.
Kanskje er der ein lyd over graset, ein låg lyd
over gras under pust mellom lepper

Paal-Helge Haugen - Sone O

7 kommentarer:

Hilde sa...

Fantastisk.
Eg held slik av Paal-Helge Haugen, at det er vanskeleg å uttrykkje.
Takksemd, er kanskje ordet som passar best. Ein må liksom berre seie takk.

Aina Basso sa...

Tenk så fint at du har det slik. Eg har det nok litt slik, eg òg. Eg trur det må vere det største ein forfattar kan oppnå.

Lille søster sa...

Kanskje jeg skal ta fram denne boka igjen. Jeg har den i hylla, men det er lenge, lenge siden jeg har lest den.

.... sa...

Ja, dette er verkeleg stor poesi...

Aina Basso sa...

Kjekt at det er fleire enn eg som set pris på denne forfattarskapen!

Midifila sa...

Kanskje står ei dør halvopen og lyser/ut over rima gras

Vakkert!

Aina Basso sa...

Ja, ikkje sant!
Og denne:

Kanskje er der ein lyd over graset, ein låg lyd/
over gras under pust mellom lepper