10. november 2008

Boknatt i Aasen-tunet

Onsdag som kjem er eg så heldig å få vere med på Boknatt i Ivar Aasen-tunet under overskrifta "Boknatt med bokhaustens høgdepunkt".

Headlinaren (huff, unnskyld for dårleg nynorsk) er Gunnhild Øyehaug, som har markert seg sterkt denne hausten med sin første roman Vente, blinke, som har fått storarta kritikkar stort sett overalt. Marit Eikemo skal også vere med. Ho er aktuell med essaysamlinga Samtidsruinar, om ruinar som ikkje blir rekna som kulturminne, bygg og anlegg som står til forfalls.

Ein annan forfattar på programmet er Hilde K. Kvalvaag.. Ho er å rekne som vaksenbokdebutant på Samlaget denne hausten, og er aktuell med den intense, poetiske romanen Skagerrak om familieferie-idyll i oppløysing. Tidlegare har ho gitt ut to ungdomsromanar. Og så er det Solfrid Sivertsen, som har skrive "eit mørkt og intenst drama om åleinemora Anne-Lise der ho kombinerer stillfarande realisme med sterk dramatikk", Eit plutseleg mørke.
Ja, og så eg, då. Som får æra av å vere debutanten i denne glimrande forsamlinga. Arnhild Skre leier samtalane.

Biletmontasje stole frå Aasen-tunet.

20 kommentarer:

Anonym sa...

Her skulle jeg gjerne ha vært. Men hvor er dette Ivar Aasen-tunet?

Aina Basso sa...

Det er i Hovdebygda. Sånn ca. Ørsta i Møre og Romsdal. Blir kanskje litt vanskeleg, då? :)

Anonym sa...

Ja, det blir nok litt langt på så kort tid. ;)

Aina Basso sa...

Ja, det er jo det.
Eg blir truleg floge inn med ein liten fokker. Trur nok eg må ta nok ein reisesjuketablett.

Unknown sa...

Duverden så boklig du er blitt! Det er bøker og litteratur-arrangementer hver eneste dag, jo.

Aina Basso sa...

Ja, det er blitt ein del i det siste. Men så trur eg det roar seg ned ei stund, iallfall på deltakarfronten.

.... sa...

Det blir sikkert veldig bra, synd eg ikkje er der, men ein dag håpar eg å høyre deg lese. Nok ein gong lykke til, det kjem til å gå veldig bra, og det er ein veldig fin stad.

Aina Basso sa...

Nei, ein kan jo ikkje vere overalt, dessverre. Og eg har jo berre så vidt fått med meg deg, òg. Du får nok høvet ein dag. Plutseleg, før vi veit ordet av det. Men det kan hende eg må debutere som vaksenbokforfattar før vi får lese saman.

.... sa...

Ja, det kan hende, slik er denne bokverda. Men eg håpar å høyre deg lese frå boka di, eg har begynt å lese no...

Aina Basso sa...

Har du? Så kjekt!
Då les vi kvarandre samtidig.
Eg tør forresten ikkje ta med boka di i senga, sidan ho er så mørk. Så det går litt sakte. Hehe.
Men eg har likt det eg har lese så langt.

.... sa...

Ja, det har eg, eg skal skrive deg kva eg synes når eg er ferdig, men det begynner bra. Ja, det er vel ikkje noko sengelektyre du les på:-)

Aina Basso sa...

Gjer du det, så gjer eg det, òg.
Nei, det er vel ikkje noko sengelektyre. Iallfall ikkje for sunne sjeler.

Lille søster sa...

Skulle gjerne vært der! Pleier å dra innom Aasentunet når vi er hos svigers i Volda, men det har aldri klaffet med arrangementer der, dessverre.

Aina Basso sa...

Eg har faktisk aldri vore der før, eg. Sjølv om eg er frå ein plass eit par timar unna. Men no blir det!

Anonym sa...

Er du aldri i Oslo på arrangementer her? Jeg har fortsatt et slikt fint eksemplar av boka di, men den vil så gjerne signeres... ;)

Aina Basso sa...

Eg har ikkje vore på noko enno, nei. Men det kan jo endre seg. Eg skal halde deg oppdatert.

Barne- og ungdomsbokdebutantar blir ikkje inviterte til å vere med på typiske debutantarrangement i dei store byane. Dei tenker vel at det er lite interesse for b/u-litteratur, og når dei vél nokre få forfattarar, er det gjerne nokre som skriv trygg, salbar b/u-litteratur, eller namn som er etablerte frå før. Eg trur det er lettare for barnebokforfattarar, faktisk. Då er det ofte foreldra som dreg med ungane på bokarrangement, medan ungdommane kanskje heller gjer andre ting i den alderen. Og det er jo ingen som trur at vaksne kan ha interesse av ungdomsbøker!

Arenaen for slike som meg er snarare skulebesøk og -turnear, samt arrangement som fokuserer på den nynorske litteraturen. Men ein skal aldri seie aldri, så klart :)

Anonym sa...

Åh, jeg kjenner at jeg blir så sinna! Jeg må si meg enig i den ene norsklæreren her, da jeg snakket med ham tidligere i dag: At de ikke skjønner at barne- og ungdomslitteratur legger grunnlag for framtida! Det er jo det man leser som barn og ungdom man lærer av. *mumle mumle*

Skal du på Bokmessa på Lillestrøm?

Aina Basso sa...

Einig med deg, Elin.
Dei sterkaste litteraturopplevingane hadde eg i ungdomstida. Alt var igrunnen sterkare då :)

Er ikkje heilt sikkert ang. bokmessa. Eg tenker eg tek det litt på sparket. Enn du?

Anonym sa...

Ja, fredag ettermiddag/kveld og søndag. :)

Aina Basso sa...

Ok! Då veit eg det. Kanskje vi sjåast. Eg har som sagt ikkje bestemt meg. Har vore så mykje som har skjedd i det siste, så orkar ikkje planlegge (for ein gongs skuld :)