8. oktober 2008

Val, kval

Av rubrikken til høgre LES NO, kan de sjå at eg lèt som eg les Don DeLillo igjen.
Merk ordet "lèt". Eg kan nemleg ikkje bevisføre lesinga. Bokmerket ligg på nett same plass som det har lege sidan før sommaren, omtrent midtvegs i boka. Einaste forskjellen frå for til dømes ei veke sidan, er at eg har lese frå meg nokre av dei andre bøkene eg har halde på med, og teke Americana ut av nattbordskuffa med den intensjonen å lese i henne på senga i går kveld.
Eg kom aldri så langt.
Merkeleg nok hadde eg så mykje interessant å gulpe oppatt i dagboka, så det blei ikkje tid til lesing. Dessverre.

Ei ny lita reise står for tur, og dermed også val av reiselektyre. Eg føler også på meg at eg igrunnen har ei opning for ei ny bok, men kva skal eg velje?

Eg kan sjølvsagt lese ut Americana. Berre gjere det. Vente med alt anna til eg har kome minst tre kapittel lenger. Minst. Iallfall to.
Eller eg kan byrje på ei ny bok, i tillegg til intensjonen om å lese vidare i Americana.
No har eg jo litt å velje i. Ekstasar, til dømes, som Øystein Vidnes har vore så snill å sende meg. Den ser eg fram til å lese.
Det same gjeld Eit vintereventyr som Jan Roar Leikvoll har vore så snill å sende meg.
Eller den nye lesesirkelboka, Vindauga i matsalen vender mot fjorden, av Mette Karlsvik.

Eg er ikkje heilt sikker. Eg skal på Norli i ettermiddag for å kjøpe boka til Mette og nokre nye pennar (eg har ein heilt spesiell sort eg er nesten avhengig av), så eg kan fortsetje å utgyte mine mindre viktige og naudsynte betraktningar i dagboka.

4 kommentarer:

Lille søster sa...

Ta i hvert fall med nok lesestoff denne gangen:)

Aina sa...

Jepp!
Eg heller mot Ekstasar eller Eit vintereventyr.

caterina sa...

sånn bare blir det noen ganger. jeg flytter bokmerket nesten umerkelig i "de velvillige". mens jeg har hvilebok i hjorts "tredjeperson entall". kanskje jeg skal begynne å skrive dagbok istedet. lykke til med reise og bokkjøp. spørs om ikke debutboka di blir med åndsverksposen fra norli neste gang ...

Aina sa...

Takk for det!
Og eg vil gjerne vere med i den handleposen ;)