7. oktober 2008

Ny lesesirkelbok

Forlaget skriv:

Munnen til mor fraus som fjorden. Eg var tung nok til å bryte isen. Men eg måtte ikkje bråke.

Isen blei tjukkare. Eller var det eg som blei tynnare?

Dette er ei forteljing om rørsla frå barndom til vaksenverda. Hovudpersonen er redd for å vekse; for mat, livet, og for dei som prøver å hjelpe. Forteljinga dreier seg rundt bordet i matsalen på eit sjukehus, rundt menneske og historier som er pressa saman av murbyggets fire veggar. Først ser veggane nakne ut. Snart finn hovudpersonen at dei har så mange øyre at ho ikkje kan halde på alle løyndomane sine. Sakte finn ho vegen tilbake til røynda og livet.

2 kommentarer:

existential cowboy sa...

bra valg ;)

Aina Basso sa...

Synest du det? ;)

Kjem forresten og høyrer på deg i morgon! Gler meg.