28. oktober 2008

To dikt

mogn

Ei jente med kvitt hår
ber store spann over markene
Ho leier ei mørkare rås av spor
gjennom doggraset

Dyra trekkjer langsamt mot fjøsen
med jura fulle av varm mjølk

Det er ho som er mor
utan å vite det enno
Ho som er eit mjukt hus
kring ein kjerne av mogn

Ein gul stråle siv
ut gjennom døra
Ho går inn og fell
saman med lyset

straum

Eg var eit barn som stod berrføtt i elva
Strauk fingrane over glatte steinar
og kjende kor det lindra

Eg hadde eit barn som låg nake i meg
og lydde til suset frå elvane der
Eit barn som sokk inn i ei åre
og dreiv av garde i eit anna krinslaup
der blodet strøymer ut og inn frå varme rom
utan kvile utan stans

Frå Søkk av Hilde Myklebust. Samlaget 2008.

5 kommentarer:

jr sa...

Denne diktsamlinga er vakker.... tankevekkande og fin og djup.

Aina sa...

Ja, det er ho.
Eg trur vi har ganske lik smak, både eg og du og Hilde. Kva trur du?

jr sa...

Ja, det trur eg. Det er noko med det såre, vare, onde som blir satt opp mot det fine og vakre, det gode; som går att i mykje av det vi skriv.

Lille søster sa...

Nydelige dikt. Jeg håper hun når ut til mange med denne samlingen.

Aina sa...

Einig!
Berre innhaldsforteikninga i seg sjølv er vakker:

svevn/ evje/ stubb/ lengt/ vind/ alt/ funn/ glim/ glød/ eple/ vake/ sevje/ drift/ vent/ pil/ leit/ draum/ mogn/ fall/ sverm/ skot/ straum/ spenn/ kvitt/ mjølk/ eld/ nebb/ pust/ tyngd/ moll/ skar/ hud/ søkk/ råk/ frukt/ spor/ frø/ stilt/ song/ svell/ loge/ flukt/ famn/ mold

Vi kan jo spørje Hilde: Var dette medvite?