I år var debutantane og studentane ved forfattarutdanninga til barnebokinstituttet inviterte med på årsmøte-festen til NBU (foreininga for Norske barne- og ungdomsbokforfattarar, ekvivalenten til Den Norske Forfatterforening). Festen var i går, han var kjekk, varte lenge i røynda, og endå lenger for min del ettersom han følgde meg inn i draumane i natt.
Eg vil byrje med å sitere Sverre Henmo, forfattar og formann i NBU.
NBU består av flinke folk med små ego.
Eg veit ikkje om dette er heilt sant, eller berre ei veldig fin generalisering, men det var uansett ein fin ting å seie og ein fin tanke. Og for dei aller fleste eg møtte og snakka med i går, verkar det å stemme.
Som debutantar blei vi tekne varmt imot. Det var mange kjende og mindre kjende barne- og ungdomsbokforfattarar der, mange interessante samtalar, god mat, godt drikke og god stemning. No er det nok ei stund til eg eventuelt kjem tilbake til NBU. For å bli medlem må ein ha gitt ut to barne-/ ungdomsbøker av litterær kvalitet. Men eg håper eg kjem tilbake ein dag.
Og ein del av dei eg trefte i går kjem eg uansett til å treffe igjen på Nynorsk barnelitteraturfestival på Stord, som byrjar om ei lita veke, og på Boknatt på Aasentunet 12. november.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar