24. oktober 2008

Flammepost

Nokre av dykk har kanskje fått med dykk at eg har fått meg ein ny flamme (nei, eg er visst ikkje ei som held meg for god for blaute ordspel).
Og i dag fekk eg brev i posten!

Nokon (eg lurer på kven; Bendik? Nils-Øivind? nokon heilt annan?) har skrive namnet og adressa mi utanpå konvolutten med fine blokkbokstavar. Slike småskeive, kule, de veit. Som ser ut som dei kjem frå ei gutehand som har litt teken på det.
Særleg firetala appellerer.
Bak på konvolutten er det eit lite, raudt flammestempel.
Oppi ligg berre ein einaste ting:

Og om en eller annen, men ikke hvem som helst, fikk lyst til å være nær deg, for eksempel meg.

Det er alt.
Ein boksingel med brei, kvit gummistrikk rundt.
Syltestrikk, som mamma kallar det.
Ingenting anna. Ikkje medlemskort, ikkje faktura.
Berre dette svarte heftet og syltestrikken.

Eg luktar på boka. Ho luktar gummi.
Inni er det dikt på glatte sider.

4 kommentarer:

Avil sa...

Om singeltittelen berre sto på ein lapp som var sendt til deg i den konvolutten, kor forelska hadde du då vore?

Aina sa...

Hm. Det kjem vel an på avsendaren, det.

Tove sa...

Dette høyrdest spennande ut. Men eg føler meg litt dum som ikkje veit svaret på dette spørsmålet: Kva er ein boksingel? Kan du hjelpe?

Aina sa...

Vel, denne aktuelle boksingelen inneheld seks dikt av fire forfattarar. Sidetalet er lite, formatet lite og prisen låg. Det er vel ein slags ekvivalent til cd-singelen, som berre har eit par låtar, kontra eit heilt album eller ei heil bok.