19. oktober 2008

Eg førebur meg

Ei lita boks med bindersar, godt leselys, stilt i rommet, ein god stol, boka.
Eg prøver meg fram, les høgt frå ulike stadar i teksten, øver meg til opplesinga eg skal ha i heimkommunen på onsdag.

Eg liker å lese teksten min høgt. Ikkje alle scenene, men dei fleste. Eg prøver å velje ut noko representativt. Noko som er spennande og dramatisk, noko poetisk og stillferdig, passasjar som kan stå for heilskapen i boka.

Eg festar ein binders til side 74.
Kanskje er det der eg skal byrje.

1 kommentar:

Lille søster sa...

Ja, det er kjekt å lese opp! Lykke til!