18. oktober 2008

Tenåra revisited - musikken

Eg har alltid vore langt over middels oppteken av musikk.
Eg har drive med musikk sjølv, sidan min spede barndom, men må innrømme at musikkinteressen i dei seinare åra har måtta vike plassen for litteraturen.

I dag byrja eg å tenke på kva slags låtar eller musikkstykke som får meg til å føle mest?
Det viste seg fort at dei fleste er levningar frå ei emosjonell tenåringstid.
Eg nemner i fleng:

Purple Rain med Prince, som alltid får meg til å ville stå heilt stille på eit golv i eit mørkt klubbhus, tett inntil guten eg er forelska i (som heiter Sindre, Lars, Ole, Trond, Kristian), og late som om vi dansar.
Love Hurts med Nazareth. Sjå grunn ovanfor.
Kyrie frå Misa Criolla av den argentinske komponisten Ariel Ramírez, som vi framførte på musikklinja.
When I am laid in Earth frå Henry Purcells opera Dido og Aeneas. Også på grunn av flotte musikkopplevingar på vidaregåande.

Og det var det. Eg følte openbert mest i alderen 13-17.
Etterpå har det gått nedover med det meste.

3 kommentarer:

Hilde sa...

Åh! When I'm laid in earth er berre heilt fantastisk. HEILT fantastisk.

Hilde sa...

Eg meinar:
When I am laid in Earth.

Aina sa...

Ja, ikkje sant? Finaste arien nokosinne. Finaste songen nokosinne. Uansett sjanger.