13. oktober 2008

Dagens skildring

De gikk videre, mot blokka, som lyste. Vinterkveld. Kaldt. Snø. Himmelen flytende, mørk og hard.

Dag Solstad: Forsøk på å beskrive det ugjennomtrengelige, s. 50.

I og for seg er dette ei ganske god skildring. Ho framkallar ei konkret stemning av ein mørk vinterkveld, hard og kald, ugjestmild. Likevel er det noko her som skurrar for meg, nemleg den siste setninga i sitatet: Himmelen flytende, mørk og hard. For meg blir dette ulogisk og sjølvmotseiande. Eg har problem med å sjå føre meg ein himmel som både er flytande og hard på same tid.
Flytande = mjukt, sløraktig, lette skyar, rørsle.
Hard = Svart, kaldt, fast, utan rørsle.

Etter mitt syn ville skildringa vore betre om Solstad hadde droppa ordet "flytende" og heller skrive Himmelen (var) mørk og hard, eventuelt Himmelen (var) mørk, hard eller berre Himmelen (var) hard.

Einig eller ueinig?

3 kommentarer:

Sesselja sa...

Enig.

Anonym sa...

Enig. Hvor var konsulenten. Nei, h*n ble nok ikke hørt på.

Aina Basso sa...

Kjersti S.:
Nei, det spørst om Solstad rett og slett drit i heile konsulenten!