28. august 2008

Ein spennande bokhaust

Til trass for at det verkar som om det berre er Lars Saabye Christensen som har kome med bok denne hausten, er det mange fleire og spennande bøker på marknaden, som iallfall eg gler meg til å lese.

Hilde Myklebust si nye diktsamling Søkk, med dette vakre omslaget, ser eg fram til. Likeeins Mette Karlsvik si tredje og komande bok Pol, som ho las så flott frå på pressekonferansen. Meddebutant Jan Roar Leikvoll sin mørke roman Eit vintereventyr ser eg også fram til å lese, det same gjeld debutanten Rune F. Hjemås si kortprosasamling Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd, som kjem i september. Og desse er berre frå mitt eige forlag!

Eg har no tråla dei andre store forlaga sine nettsider for å freiste få has på andre nye og spennande titlar, men eg fekk ingen umiddelberre aha-opplevingar. Og dessverre er det ikkje like lett å få has på kven som er debutantar på dei andre forlaga. På den fronten må eg i all beskjedenheit seie at Samlaget er langt betre!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Og jeg fikk ei debutantbok i postkassa mi i dag (se bloggen min). ;)

Aina Basso sa...

Ja, det var effektive folk ;)