3. juni 2008

Treigt, igjen

Foto: Oslo kommune
Mai har vore travel. Altfor travel.
Så travel at eg nesten ikkje har fått lese noko som helst. Iallfall kjennest det slik.
Iallfall dei siste par vekene.

I nattbordskuffa i den nye leilegheita (ja, for det er jo difor det har vore så travelt: eg har flytta til rettesida av byen; aust for elva) ligg eit par tynne, halvlesne lefser med fine omslag, samt ei blå bok frå 1978 eg liksom aldri kom heilt i gong med, og sidan eg ikkje har hatt meir krefter igjen til lesing når eg har lagt meg, og ikkje lenger tek bussen til jobb, men går nedover (og seinare, oppover) langs den vakre, vakre Akerselva (fossen, drivet, graset, fuglane, flyten, bruene, solflekkar, skuggar), står det heile i sju steinar.

Eg prøver hovudsakleg å bli ferdig med The White Castle av Pamuk til lesesirkelmøtet no i juni, og det skal eg vel klare med eit krafttak, men det skuffar meg at eg får lese så lite. Det spørs om eg må få lagt meg på magen i ein park, snart.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du har faktisk tatt bilde av et av mine definitive favorittsteder i Oslo.

Aina Basso sa...

Ja, er det ikkje vel fint? Aamodt bru. Som kan bere hundre mann, men bryt saman under taktfast marsj :)

Anonym sa...

En akustikers (med sans for resonansfrekvenser) drøm. Skal forresten ligge i parken over Sannerbrua etter jobb med Martha før hu stikke rpå trening , slenge deg med om det passer seg slik:)

Aina Basso sa...

Takk for det, men skal ta den herlege Ikeabussen etter jobb. Sikkert svalt og godt på ein slik dag.

kristine sa...

Jeg hadde ikke fått med meg at du leste Pamuk på engelsk. The White Castle fikk meg nemmelig til å tenke på The Blue Castle. Ikke helt det samme kompleksitets nivået. Knis!

Aina Basso sa...

Haha. Tja, er du sikker? ;)
For å vere ærleg ville eg heller ha lese The Blue Castle, akkurat no...