4. juni 2008

Struktur og fridom

Avil alias novemberbokdebutant Kristine Tofte skriv i bloggen Haustljos/ Vårljos/ for tida Fjordljos om skriveprosessen ho er midt oppe i. Og det siste innlegget hennar om dette leidde meg inn på tankar om min eigen skriveprosess, som for Ingen må vite sin del, no er overstått.

Det handlar om planlegging, og er eit stadig tilbakevendande tema for dei som skriv, trur eg. Skal ein planlegge handlinga i boka før ein skriv, skal det kome undervegs - eller kanskje noko midt i mellom? Og kva fungerer best? Nokon sa ein gong til meg at gode idear blir det dårlege bøker av, og at det beste er å berre skrive og sjå kva som skjer. Kanskje det. Andre snakkar varmt om å tenke ut alt først, for så å sette seg ned og skrive. Eg kan sjølvsagt berre snakke for meg sjølv, så eg vél å ta utgangspunkt i eiga erfaring med min første og hittil einaste roman, som kjem i august.

Tidlegare skreiv eg alltid mest fritt, planlaust. Eg kunne ha ei oppleving, det kunne kome ei setning, og ut av denne ville eg forsøke å la det utvikle seg fleire setningar, som forhåpentlegvis etter kvart ville vise seg å romme ei historie. Eg trur dette var veldig god trening, men det viste seg at historiene som utvikla seg ikkje var dei heilt store, sjølv om setningane og orda var inspirerte nok.

Med Ingen må vite har det både vore slik og heilt annleis. På den eine sida har historia vore til stades heile tida, eg har visst korleis, korfor, kven og kva, og handlinga har heile vegen i store trekk vore til stades både på papiret og i bakhovudet. Grunnen til dette er at romanen bygger på sanne historier frå 1700-talet, som eg studerte då eg tok mastergraden i historie. Lagnader i rettsprotokollane som eg fekk lyst til å vite meir om. Tørre namn på gulna sider, nærast uleseleg gotisk handskrift, lagnader presenterte og forsegla i eit kaldt, distansert embetsmannsdansk.
Men kven var dei?, kunne eg tenke. Korleis såg denne jenta ut? Korleis gjekk ho kledd? Korleis var stemma hennar? Kva åt dei til middag denne dagen? Kva følte ho eigentleg, kva ligg eigentleg bak orda?

Så eg snekra saman ei eiga historie, bygd over fleire sanne. Eg bytta ut namn, bestemte meg for ein setting, ein stad der det heile skulle føregå. Eg let personane bli levande, gav dei namn, alder, fødselsdatoar. Gav dei utsjånad, klesdrakt, stemmer og lukter.
Så utvikla eg personelegdomane deira. Korleis er ho? Korleis er han? Korleis er dynamikken? Kven slektar han på? Kor ligg konfliktene? Korleis ville ho reagere dersom han sa det eller det?
Slik blei ei historie som allereie var lagt, full av eigne krumspring og uventa svingar.

I skrivinga tok eg gjerne utgangspunkt i ein situasjon eg kunne tenke meg at var vanleg på den tida, eller til alle tider. Ingeborg er kan hende ute og spring i snøen, kanskje leikar ho med veslebror sin, kanskje mjølkar ho kua, klappar katten. Kanskje går ho til fossen, kanskje speidar ho nedetter lia. Kanskje klatrar ho opp i treet, rører i gryta, sit og syr i stova. Og så skreiv eg fritt rundt denne episoden, fletta inn andre karakterar, eller opplysningar som fortel noko om forholdet mellom karakterane, tilstanden til hovudpersonen, forklarar historia hennar, eller gir frampeik til noko som vil kome.

Metoden har altså dels vore bygd på førehandslagt struktur og dels på fri skriving, der uventa ting får skje, og ein ulike element føyer seg saman nærast på eiga hand. Med andre ord trur eg at eg og Kristine, trass i dei ulike forteljingane våre, har arbeidd litt på same måten. Om enn i kanskje litt ulik skala.

2 kommentarer:

Avil sa...

Ja, her var mykje gjenkjenneleg. Eg tenkte først på store linjer, og sentrale karakterar, skreiv ut nokre korte scenar eg såg for meg Ragna i, og arbeidde med å planlegge den Store Spaningskurva, miljø, andre karakterar osb. Då eg var midtvegs var det så mykje planlagt at eg stoppa heilt opp. Det var rett og slett ikkje gøy å skrive detaljert planlagte scenar. Men eg kom meg forbi midtromanskrisa ved å tillate meg å fråvike planane.
Og boka er blitt merkeleg lik planen likevel, som om karakterane gjerne vil gjere det dei skulle, om dei berre fekk velge det sjølv. ;-)

Aina Basso sa...

Ja, det er rart, det der. Opplevde noko av det same. Det blei som eg hadde tenkt, men det måtte på eit vis kome naturleg.