20. juni 2008

Ny lesesirkelbok

Vi har bestemt oss for julis lesesirkelbok, og det blir Skugga-Baldur av den islanske forfattaren og lyrikaren Sjón. Sjón fekk Nordisk Råds litteraturpris for denne boka i 2005, og er elles kjend for å ha skrive songtekstar til Bjørk, og til Lars von Triers Dancer in the Dark.

Eg byrja å lese boka i går, medan eg sat på Litteraturhuset og blomstra.

Skugga-Baldur er ein historisk roman, skriven i poetisk prosa, med korte, meiningsmetta, skildrande scener og velvalde ord. Så langt liker eg boka svært godt, og vil berømme medsirkelmedlem Kristine for å ha kome med forslaget.

Ingen kommentarer: