27. mai 2008

Og fanden vil ha fleir

Eg blei litt inspirert av eit innlegg i Aroundbooks, bloggen skriven av forfattar og omsetjar Jørn Roeim under pseudonymet Tehme Melck, med tittelen Mer, mer.

Her skriv Jørn om det store komplimentet det eigentleg er når ein lesar vél å ikkje berre lese ei, men to eller fleire bøker av same forfattar. Vidare går han gjennom dei bøkene han har lese hittil i år, og reflekterer over om bøkene han har lese gir han lyst til å lese fleire bøker av same forfattarar. I nokre tilfelle er svaret ja, i andre nei, naturleg nok.

Eg er einig i at det er eitt av dei største komplimenta ein forfattar kan få, at lesaren ikkje berre liker ei bok ho har skrive, men endåtil blir nyfiken og vil lese meir. Sjølv er eg blitt nyfiken på mange forfattarar oppigjennom. Dei største favorittane har eg sett meg som mål å lese alt av. No er det Dag Solstad og Virginia Woolf som står øvst på lista, men eg er også nyfiken på andre forfattarar i den grad at eg vil lese meir, om kanskje ikkje alt. Det kan ein for så vidt heller ikkje avgjere før ein har lese meir enn ei eller to bøker. Eg hadde t.d. som mål å lese alt av Erik Fosnes Hansen, etter at eg blei så inderleg begeistra for Beretninger om beskyttelse, men etter å ha lese Løvekvinnen mista eg gneisten.

Og som forfattar in spe stiller eg meg sjølvsagt spørsmålet: Kor vil eg hamne på denne lista?
Vil dei som les mi første bok også ha lyst til å lese mi andre? Vil dei som les mi andre også ha lyst til å lese mi tredje, eller mi første? For det er jo klart at eg vil ha lesarar! Eg vil ha fornøgde lesarar, nyfikne lesarar, lesarar som vil ha meir!
Så gjenstår det å sjå korleis det utartar seg.

2 kommentarer:

kristine sa...

For meg er det flere ting som spiller inn når det gjelder å forelske seg i et forfatterskap.

For det første må man like skrive måten. Det betyr ikke at det nødvendigvis ikke må være fabelagtig - vi kan vel lese flere Patricia Wentworth bøker selv om de ikke er fabelaktig skrevet? ;-)

For det andre må man like emnet. Jeg tror mange leser Solstad fordi de selv er lektorer/humanvitere etc med en vanlig hverdag og liker å lese om seg selv. Nå er det jo et pluss at Solstad skriver godt... Jeg leser det meste av Iain Pears fordi det er i en kunsthistorie setting.

For det tredje bør det være håp om at forfatteren kan fortsette å være original. Jeg har likt mange av A.S. Byatts bøker, men har stoppet opp litt fordi jeg synes bøkene ligner litt for mye på hverandre i tematikk.

Punkt to og tre kan vel noen ganger butte bort i hverandre.

Når det gjelder å lese en bok og så tenke at "Denne forfatterer må jeg lese alt av", må jeg ha hatt en spesielt god lese opplevelse. Det holder ikke at språket og fortellingen er god (Chuck Palahniuk velger for ekle tema til at jeg ønsker å fordype meg i ham). Det holder ikke at fortellingen er god (Carl Frode Tiller skuffet meg for mye med språket). Det må være en original og sublim leseropplevelse. Som f.eks hos Woolf eller Undset.

Det å debutere med en ungdomsroman er kanskje ikke det aller beste for å få folk til å vente på andre boka, men jeg har lest barnebøker skrevet av forfattere jeg har likt voksen bøkene til for å se hele forfatterskapet deres.

Aina Basso sa...

Gode poeng.

Eg trur forøvrig ikkje eg ville fått ein stor fanskare uansett om eg hadde debutert for vaksne. Håpet er at dei som les ikkje blir fråstøytt frå å lese seinare utgjevingar. Men det vil vel bli både og, tenker eg.

Der er forresten fleire lette forfattarar eg vil lese "alt" av, berre for underhaldinga sin del. Som Jasper Fforde, som riktignok også har ein intelligent humor og morosame ordspel, eller Patricia Wentworth, for den del, sjølv om eg ikkje kjenner den same brannen for å lese alt av henne, som eg gjer med forfattarar som t.d. Woolf - eller for den del Unset. Apropos: Veldig lyst til å lese oppigjen Jenny!