2. april 2008

Show, don´t tell

Eitt av dei viktigaste og enklaste grepa eg har lært i arbeidet med Ingen må vite, er dette som på godt norsk kallast Show, don´t tell.
Tanken er at lesaropplevinga blir sterkare ved at forfattaren viser karakterens reaksjon eller ytre handling, enn ved å fortelle kva karakteren føler, tenker eller opplever, og forklare kvifor. At lesaren sjølv kjenner det på kroppen når ein viser, og at lesaren lever seg inn i det og forstår kva som føregår. At lesaren ikkje er dum.

Døme:
1. Ho føler seg uvel og varm.
eller
2. Ho vrir seg i setet, sveittar.

2 kommentarer:

KariE sa...

Slikt tenker man ikke på, men når jeg ser eksemplet er det helt klart og tydelig at slik er det.
Spennende å høre om.

Aina Basso sa...

Det er bra!

Det var ikkje slikt eg tenkte på, heller, tidlegare. Men ettersom eg byrja å skrive stadig meir seriøst og for å få gitt ut det eg skreiv, har eg lært eg litt om slike grep i skrivinga.

Enno har eg mange grep og verkemiddel igjen å lære, og det er gøy. Det er morosamt når ein ser at skriving kan vere noko ein er medviten om (og ikkje berre bygd på augneblinkens inspirasjon) og at ein kan "styre" lesarens blikk og oppleving via orda ein vél å bruke, måten ein set dei saman på og rytmen ein framfører dei i.