4. april 2008

Litterær oppdatering

Det går nesten ikkje framover med lesinga for tida.
Eg kunne sagt at eg ikkje veit korfor, men det ville vore løgn og fanteri. Eg veit veldig godt korfor.

Det har nemleg med desse tinga å gjere:
At eg les for mange bøker på same tid.
At eg har vore for trøytt morgon og kveld til å lese på buss og seng, og for opptatt på kveldane.
At eg har kjøpt leilegheit og tenkt på leilegheitsrelaterte ting.
At eg er i siste innspurt med manuset, skal føreta aller siste finpuss i helga, før språkvask.
At den boka eg burde lese (Skråninga) ikkje freistar så mykje, og at dei andre gir meg dårleg samvit. Noko som igjen fører til at eg ikkje les i det heile.

Men det ligg an til at eg blir ferdig med to av fire bøker den neste veka. Neste torsdag er det nemleg lesesirkelmøte, og då må eg ha lese den som ikkje freistar så mykje, slik at eg kan diskutere korfor ho ikkje freista, og fortelle at den elendige nynorske rettskrivinga irriterte meg veldig medan eg las.
Eg har også to bøker som må inn igjen til min gode venn, biblioteket om eit par veker.

Ein annan ting:
No når manuset endeleg blir ferdig, kan eg igjen eigne meg til skrivinga, og ikkje berre kutting og stramming og sliping. Det gler eg meg til.
Notatboka har vore med meg heile tida, men det har vore til hinder for nye prosjekt at eg ikkje har vore heilt ferdig med boka.

Ingen kommentarer: