27. april 2008

Nytt intervju

I dag er eg blitt telefonintervjua av nok ei lokalavis, denne gongen ei som går ut til heile Sunnmøre; Nytt i uka.

Intervjuet skal visstnok kome på trykk denne veka, så om det er nokre sunnmørslesarar her, får de ta ein kikk. Og viss det blir lagt ut på nettsidene deira, skal eg sjølvsagt lenke til det her ifrå bloggen.

5 kommentarer:

Cassandra Mortmain sa...

Hm ... Da kommer den vel på trykk først neste uke? Jeg får be foreldrene mine sende ned et eksemplar om den ikke blir lagt ut på nett, så jeg får lest saken om deg. :)

Avil sa...

Kult. Er du blitt flinkare til å seie kva boka handlar om og slikt no? Kva spurte dei om?

Aina sa...

CM:
Den skulle visst kome på trykk allereie denne veka, så i morgon eller noko slikt?

Avil:
Ja, eg er blitt litt flinkare :) Journalisten spurte om skriveprosessen, både i forhold til å skrive ein roman og i forhold til å skrive historisk. Så spurte han om kontakta med forlaget, om val av nynorsk (det må du vente), om sjangerval, når eg byrja å skrive, forventningar, målgruppe, og sjølvsagt kva det handlar om. I tillegg spurte han om yndlingsplate, yndlingsfilm og yndlingsforfattar. Og han hadde lese bloggen min på førehand. Det har begge journalistane gjort.

Avil sa...

Nynorsk - det sexy valget.

Aina sa...

Hehe. Fin parole.

Intervjuet kom forøvrig på trykk i dag, og eg har allereie høyrt rykter om at eg hamna på forsida og kom relativt bra frå det. Kjære, kjære lokalavis! :)