29. april 2008

Klisjear

klisjé. — 1. Trykkplate for gjengivelse av bilder i høytrykk. Originalen overføres fotografisk til en trykkplate med lysømfintlig belegg. Ved etsning el. utvasking blir strekene stående som forhøyninger over underlaget. K. ble tidl. etset i sink el. kobber, nå gjerne av graverte kunststoffplater. Fotografier el. tegninger med gråtoner fremstilles ved → autotypi. — 2. I overført betydning om et forslitt uttrykk. (CAPLEX)

Vi sit på trebenken, hagen summar. Du lener deg nærare, lener hovudet på skuldra mi.
Over oss gneistrar solnedgangen. Himmelen er ein klisjé.


Eg las nett dette innlegget i aroundbooks, og den første tanken som slo meg var:
Herregud, så dårleg! For ein klisjé!
Så såg eg at det var eit sitat frå Raskolnikov (som dei fleste kjenner som Forbrytelse og straff) av Fjodor Dostojevskij, som kom ut i 1866 (1883 på norsk). Då las eg sitatet ein gong til, og med andre auge. For slik er det. Eldre litteratur, litteratur som er hundre, tohundre år gammal, stor litteratur, kan ikkje målast og lesast med dei same auga som ein les samtidig litteratur med. Litteraturen må målast utifrå si eiga tids kriterier, og kan ikkje skuldast for det same som ein kan skulde si eiga tids litteratur for. Som klisjear.

Når Welhaven skriv sine blomstrande dikt, er det lett å seie hundre år seinare at han bruker forslitte metaforar, at dikta er spekka med klisjear. Men det blir liksom ikkje heilt rett. Altså, vi må gjerne seie det. Men det er ahistorisk av oss, og yter ikkje dikta rettferd. Det som i dag er ein forslitt klisjé, har ein gong vore ein vakker, treffande og kanskje overraskande god måte å seie noko på. Ein raudnande himmel var ein gong ei vakker skildring av demringa, men i dag kan ein vel godt kalle det ein klisjé.

3 kommentarer:

Avil sa...

Ja og tja. For himmelen raudnar faktisk. Den er ingen klisje, den gjer det rett for augene våre. Me kan slå språkleg floke på oss, men himmelen raudnar like fullt.

Eg blir mest irritert over tekstar som skal vere metaforoppfinnsame. Hjelpe meg kor slitsamt det er å lese om ein himmel som liknar ei gryte kokande vatn som nokon heller ein boks moste tomater oppi.

Aina Basso sa...

Tja, det kjem vel an på om ein bruker "å raudne" om det å bli raud eller om det å "rødme" (bm). Viss ein bruker det om å "rødme", synest eg det er ein kjempediger klisjé.

Metaforoppfinnsame tekstar, ja. *tenke etter om mine tekstar kjem innunder den kategorien og håpe at dei ikkje gjer det*
Det kan absolutt vere irriterande. Hehe.

Avil sa...

Fnis.