28. mars 2008

Tregleik

er endå eitt av desse nynorsk-orda som verkar heilt usannsynlege for meg. Det mest naturlege for meg ville vore om det heitte treigheit. Andre usannsynlege ord er olboge, okle, ein hjerne (- hjernen - kva skjedde med hjerna?) og ein arm (- armen - kontra arma, som vi seier på mi dialekt). Novel. Nok om det.

Korom allting er
finst det for tida ein tregleik i systemet.

Eg er klar for å få boka ferdig, men ventar på post frå redaktøren med hans aller siste kommentarar (eg har nemleg etterlyst konkrete forslag til kutt og stram, då eg sjølv ikkje heilt ser poenget). Han er nok rimeleg overarbeidd, kva med alle haustbøkene som skal bli klare nett på denne tida, så eg smører meg med tolmod og forståing.

Men i mellomtida har eg brukt tida på å skrive dikt. Øydikt, faktisk. Og det har vore veldig gøy. Så får vi sjå, då, om eg får dreisen på det, eller ikkje.
Og i dag kjem mitt første intervju på trykken i lokalavisa. Viss det blir lagt ut på nettsidene, skal eg lenke til det.
Elles gler eg meg til katalogen over haustbøkene er ute, for då får eg legge ut omslaget her på bloggen. Det er så fint!
Det er berre å gle seg.

2 kommentarer:

maliali sa...

Jeg er så spent!

Aina sa...

Det er bra!