28. mars 2008

Illustrativ blogging

Døme på poenglaus illustrasjon
Det slo meg plutseleg at bloggen min har sett så keisam ut i det siste. Dette kvite/ gråblå/ grå blir vel blast og uinspirerande når ein ikkje krydrar innlegga sine med fine illustrasjonar ein stort sett stel frå andre nettstadar.

Eg merka kor godt det gjorde seg med eit fat tomatsuppe som illustrasjon til førre innlegget, kor den oransje saktesuppa friska opp heile bloggen.

Så eg tenkte å skrive eit innlegg om illustrasjonar eller mangelen på dei, og påstå at lesaren lettare les eit innlegg dersom det er illustrert, enn dersom det ikkje er det, og så krydre vedkomande innlegg med ein totalt poenglaus illustrasjon, utvald etter innfallsmetoden.

Som tenkt, så gjort.
Over ser de ein ligusterhekk, som eg syntest var litt fin.
Eg har elles ingen spesielle forhold til hekkar, bortsett frå at eg såvidt nemner ein i eitt av dei nyaste dikta mine.

8 kommentarer:

Anonym sa...

så der har du overtaket over oss, me som kommenterer, me får ikkje sjansen til å bruka fargestiftar...urettfeigt ! Helsing Mannen uten egenskaper / Nowhere Man

Aina sa...

Godt poeng.
Eg skal sporenstreks slutte å illustrere innlegga mine, slik at dei som vil skrive dei ut og fargelegge dei får fortsette med denne glederike sysselen.

Bharfot sa...

Nå er jeg vel selve inkarnasjonen av angst for at leseren skal kjede seg hvis jeg leverer mer enn 10 linjer etter hverandre uten å bryte opp teksten med et bilde. Men jeg kan avsløre at det er lett å bli paranoid den andre veien også. Hvis folk sier: så fine bilder du tar! når jeg selv syntes at jeg hadde skrevet en ekstra fin tekst, så har det hendt at jeg måtte poste et innlegg helt uten bilder like etterpå, for å forsikre meg om at leserne kom uten bilder også…

Tehme Melck sa...

Jeg har aldri tenkt at bloggen din mangler noe hva illustrasjoner angår, så jeg tror ikke nødvendigvis folk lettere leser et innlegg fordi det er illustrert. I hvert fall gjør ikke jeg det. Enhver blogg har sin karakter, sitt uttrykk, og din er veldig fin som den er, både innholdsmessig og utseendemessig.

Anonym sa...

Litt seriøst: Bilete er ok om det ikkje vert for mykje av det. Men tenk litt på storleik. Jon Fosse seiest å vera ein tungvektar (eg er ikkje heilt sikker . .), men det eg ser er at t.d. det biletet du har frå "Eg er vinden" eigentleg er > 4 Mb, (det er mykje større enn det viser på bloggsida di) og slikt tar tid å lasta...
Helsing Mannen uten egenskaper

Aina sa...

Oda:
Godt å høyre at andre også tenker på slikt :) Eg liker forøvrig både det du skriv og bileta, men les også innlegg som ikkje er illustrerte - dersom temaet fenger meg.

Jørn:
Takk for det! Kjekt å høyre at du liker deg her :) Som du har forstått liker eg din blogg også.

M.U.E:
Det har eg aldri tenkt på. Er det eit problem for deg som lesar?

Anonym sa...

Ikkje stor problem, enno i alle fall, men kan bli det. Eit døme frå ein utmerka blogg:
http://thomasjrm.blogspot.com/2008/03/odense-fyn-gjennom-linsa.html
Her er mange tunge (dog nydelege) bilete. Dersom folk opplever for stor *tregleik* (sic!), at sida lastar for seint, so giddar dei ikkje venta lenge, og alle dine kloke tankar flyg ikkje vidare til nokon mottakar .. ja bilete sperrar for at orda nokon gong vert lesne.

MUE

Aina sa...

Jaudå, godt poeng det.
Men trur nok det er unntaket, snarare enn regelen, at eg har tunge filer som illustrasjonar. Det kjem veldig an på kva som finst der ute, og kor mykje tid eg gidd å bruke på å leite :)