29. februar 2008

The Grass is Singing

Februars lesesirkelbok var Doris Lessings debutroman, The Grass is Singing frå 1950.
Ein fulltallig lesesirkel møttest tirsdag som var, og dette møtet resulterte i ein kort diskusjon, som til sjuande og sist botna i einigheit om følgjande: The Grass is Singing er ei skikkeleg bra bok og ein imponerande debut.

The Grass is Singing er ei klaustrofobisk skildring av Mary og hennar mislykka ekteskap med den fattige bonden Dick Turner i 1930-talets Rhodesia. Skildringa er inkje anna enn eit lagnadsdrama, fortalt på roleg og lågmælt vis, og med sterk overtydande kraft. Det er også ei opprørande skildring av britisk imperialisme i Afrika, og psykisk og fysisk undertrykking av dei afrikanske innfødde.

Lessing har, i tillegg til å ha eit sterkt og biletmanande språk, eit talent for psykologisk karakterskildring. Karakterane blir aldri flate, aldri eindimensjonale. Dikotomiar som god - vond er ikkje til stades: Menneska er menneske, med dei feil og manglar det måtte medføre, men også med dei gode sidene.
For meg - eller oss seks relativt ulike menneska i lesesirkelen - var dette ei gjennomført god og medrivande leseoppleving, og vi var alle skjønt einige om at boka har tålt tidas tann, og at det framleis i dag er interessant å lese denne romanen, som fyller 58 år i år.

Neste bok ut: Skråninga av Carl Frode Tiller.

Ingen kommentarer: