24. januar 2008

Å førebu seg på media og andre rare ting

Min faste lesar og medbloggar Tehme Melck, aka forfattar og omsetjar Jørn Roeim, skreiv følgjande kommentar til min førre post:

Du bør også tenke litt på hvordan du skal forholde deg til media. Det kan kanskje redaktøren din hjelpe deg med. Det er ikke lenge før vi kan se navnet ditt i avisene, vet du, som en av årets debutanter på Samlaget.

Dette er sjølvsagt aldeles sant. Eg må tenke på media. Og snart blir eg offentleg.
Så langt har eg tenkt slik som dette:

Mest sannsynleg er det ingen som vil intervjue meg, så eg må førebu meg på å bli litt skuffa over manglande interesse frå pressa. På den andre sida kan det hende nokon vil intervjue meg, og om dette er tilfelle, burde eg vite nokolunde kva eg skal seie.

Så var det kva eg skal seie.
Det har eg ikkje tenkt noko på enno.
Eg har altså tenkt på at eg må tenke på kva eg skal seie, men ikkje tenkt på det. Enno.
Det eg derimot har tenkt litt på, er dette (og eg innrømmer at eg er ein smule forfengeleg):
Eg skal bli tatt bilete av til omslaget på boka.

Eg skal ikkje stikke under ein stol at dette er ein bøyg.
Eg er ikkje spesielt fotogen, og eg veit at eit forfattarportrett er noko som vil henge ved meg i årevis. Difor har eg tenkt litt på kva slags bilete eg vil ha, og på korleis eg vil framstå på dette biletet.

Eit av dei finaste forfattarportretta eg veit om, er det mest kjende og brukte av Jon Fosse, tatt av fotograf og tidlegare Ari Behn-ven (og ein del av Den nye vinen) Per Heimly. Dei nye av Marit Kaldhol er også veldig fine. Men så har eg sett ein del litt meir mislykka bilete. Litt sånn ute-i-naturen-greier, ikkje så veldig stilig, ser ut som dei er tekne av ein god ven, men dårleg fotograf, og med litt for distinkte moteteikn på kroppen.
Eg vil ikkje kunne tidfestast til 2008. Eg vil ha eit portrett som er svært enkelt, utan noko jåleri, der eg ser skikkeleg og seriøs ut, utan å sjå tilgjort eller sjølvmedviten ut, eller altfor alvorleg eller patetisk poetisk.

Noko anna eg må førebu meg på, som også er ein bøyg, er å lese frå boka mi for andre.
Kva skal eg lese? Korleis skal eg lese det?

Eg har byrja å øve meg. Nokre gongar les eg riktig godt, andre gongar høyrest eg ufatteleg teit og håplaus ut. Eg har byrja å tenke litt på kva eg kan lese opp, også. Smakebiten eg la ut her i bloggen, er eit godt alternativ. Kanskje i kombinasjon med scena som kjem rett før, som er ei opptrapping til denne. Det er mogeleg at det er smakebiten som blir utdraget på vaskeseddelen, også. Smakebiten famnar på ingen måte alt boka handlar om, men har ein essens i seg, og skaper ei spenning hos lesaren (forhåpentlegvis) om kva som kjem etterpå. Kanskje er det ikkje så openbert som det kan synast!

Eg bør vel byrje å tenke litt meir på media.
På kva eg skal seie, korleis eg skal seie det, og kva eg ikkje vil seie.

Eg trur eg vil seie noko om at romanen baserer seg på kjelder eg analyserte då eg tok mastergraden i historie. At det ikkje er ei historie frå røyndomen, men noko det er svært tenkeleg at kunne hende.
Eg vil også seie noko om at romanen belyser eit svært alvorleg tema, nemleg incest, og at vi kan kjenne igjen element frå andre kulturar i vår eiga tid i denne historia frå vår eigen kultur på 1730-talet. Men eg vil også seie at det er ei historie om ung kjærleik, om fine ting, ikkje berre alt som er ekkelt og stygt.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Apropos - finnes det en måte å komme i kontakt med deg uten å legge det som kommentar i all offentlighet? *smile lurt*

(Du kan nå meg på e-postadressa på bloggen min...)

Aina Basso sa...

Hei Elin!
Eg har lagt ut mailadressa mi, no. Ved ein feil viste den ikkje.
aina.basso@gmail.com

Ikkje noko frå innkjøpsordninga?
Kanskje du kan forklare meg litt meir om korleis den ordninga eigentleg funkar, då?

Så får du sørge for å kjøpe meg inn ;)

Anonym sa...

Aina: Det er kun folkebibliotek og enkelte skolebibliotek i grunnskolen som får bøker fra innkjøpsordningen. :(

Aina Basso sa...

Nettopp.
Det visste eg forsåvidt. Visste berre ikkje at du ikkje jobba i eit offentleg bibliotek! :)

Avil sa...

Hm. No sat eg og las og tenkte å foreslå at du kunne køyre på med rumpebilete og slikt. Heilt til eg las at boka handlar om incest. Hm.

Eg syns du skal vise rumpe uansett, eg. Du må ikkje la deg avgrense kunstnarleg av ditt eige innhald.

Aina Basso sa...

Hm. Du har kan hende eit poeng.
Men veit ikkje heilt om eg eigentleg føler meg kunstnarleg avgrensa fordi eg ikkje brukar rumpebilete. Må gnage litt på den.

Men takk for di ektefølte interesse!

Jørn Roeim sa...

Rumpebildediskusjonen håper jeg var en spøk?

aina: Du kan være ganske sikker på at noen vil intervjue deg. I hvert fall en eller flere lokalaviser på hjemstedet ditt. Sannsynligvis også andre, siden boka har et aktuelt tema.
Når det gjelder hva du skal si eller ikke si, bør du, som du selv er inne på, tenke over det på forhånd. Bare ett konkret råd - si aldri til en journalist "men det må du ikke skrive". Hvis du ikke vil at noe skal skrives, må du heller ikke si det.

Hva som kommer til å skje i forbindelse med debuten din, er selvfølgelig umulig å vite på forhånd. Hvor stor medieinteressen vil være, for eksempel. Men en litterær debut er en av de store begivenhetene i livet, og mitt råd er å være med på så mye som mulig, gjøre mest mulig ut av det.

Og ellers, et veldig generelt og tilsynelatende banalt råd, men uansett et veldig godt råd: Vær deg selv.

Aina Basso sa...

Det håper eg også ;)

Takk for gode råd.
Eg har bestemt meg for to ting: Tenke før eg snakkar og ikkje seie noko av privat karakter. Så får vi sjå, då, korleis det går.