25. januar 2008

(B)a(r)nalitetar

Ei av årets, eller kanskje fjorårets, mestselgjande nye barnebøker, var den infamøse Doktor Proktors prompepulver av mangemillionærkjendis-krimforfattar og poporkestervokalist Jo Nesbø. Dømt nord og ned av den seriøse kulturpressa og elska av alle barn, inkludert mi seks år gamle niese.

Eg har akkurat hatt tidenes første lange telefonsamtale med mi vesle niese, og fått eit entusiastisk referat om ein mann (antakelegvis doktor Proktor) som får i seg for mykje av dette uforståelege (og ved overdose fatale) medicum, noko som fører til at hans korpus (for å halde seg til medisinell terminologi) prompar seg rett til himmels, noko som igjen fører at han nesten ler seg i hel [sic]. Eg, som den kule og ikkje minst ungdomelege tanta eg trass alt er, repliserte med å opplyse henne om eksistensen til to bøker på norske barnehagars topp ti-liste, nemleg vår alles kjære Bæsjeboka (mi niese ler seg skakk berre ved tanken på ei slik bok) og Den lille muldvarpen som ville vite hvem som hadde bæsjet på hodet hans (ditto).

Det er altså ikkje berre vaksne som synest rumper er moro... (Den var til deg, Avil)

8 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg elsker muldvarpboka! Stiftet bekjentskap med den da jeg tok barnelitteratur i Wales. Vår kjære foreleser leste den høyt for oss. ;)

Aina Basso sa...

Hehe. Eg har berre sett ho, sjølv. Var ei venninne som ga ho bort i gåve til ei anna venninne som har fått beibi nyleg :)

Avil sa...

Du må kjøpe Den lille apens store tissesirkus til niesa di. Den er veldig fin.

Aina Basso sa...

Endå ei?
Vi får sjå. Så langt har eg gått meir for Prøysen og Anne Kath. Vestly. Men eg skjøner eg er på villspor.

Anonym sa...

Endelig kommer det ting i bloggen din som jeg kan relatere til. Muldvarpboka var Noras favoritt tidligere, og det er vel på tide å introdusere den for Isak også.

Hvis jeg må oute meg helt, så kan jeg vel fortelle deg at jeg er et av de søskenbarna fra nord du har på facebook. Så kan du gjette om det er meg eller helen. ;)

Siden jeg leser lite blogger, kan du kanskje fortelle meg om du har fått en utgivelsesdato?

Aina Basso sa...

Haha.
Då tippar eg at det er Helen... :P

Eg var forresten allereie ganske sikker på at det var du, rimer fint med kallenamnet ditt, også!

Utgivingsdatoen er ca. 15.august. Hurra for det!!!

Anonym sa...

Perfekt dato i forhold til familiens innkjøp av årets julegaver. Så kjekt. :D

Aina Basso sa...

Så flott!
Her skal boksalet boostast!

Det er ein roman for mogen ungdom og umogne vaksne... eh... hehe. Ungdom/ vaksen, iallfall. Passar IKKJE for barn under tretten år.