10. desember 2007

Das Leben der Anderen

I helga fekk eg endeleg sett den tyske filmen med den norske tittelen De andres liv.

Handlinga føregår i DDR i 1984, og vi blir kjent med ein Stasi-kaptein som overvåkar, og ein forfattar og hans skodespelar-kjærast, som blir overvåka.

Filmen er ei reise på fleire måtar. Frå den totalitære aust-tyske sosialistrepublikken, til muren fell i 1989. Frå ei overtyding om at noko er rett, til ei overtyding om det motsette.

Det er ein sterk film, ein flott film, ein gripande film. Ein film som både er eit politisk portrett av ei tid i eit samfunn, og som handlar om større ting, om kva menneska gjer mot kvarandre, og om at menneske trass alt til sjuande og sist er nettopp menneske - også på godt.

Eg tilråder denne filmen på det sterkaste. Ein fin måte å tilbringe eit par timar av ditt liv på.

3 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Kan bare støtte denne anbefalingen. Dette handler om vår såkalte nære historie, om en virkelighet som ikke ligger altfor langt tilbake i tid. Jeg har både vært i DDR selv (passert Checkpoint Charlie i virkeligheten) , og jeg kjenner en person som har vokst opp i DDR - eller "det der var" som danskene kaller det. Dette er en meget realistisk og gripende film.

Anonym sa...

Jeg vil også anbefale denne filmen, men jeg vil ikke vektlegge DDR, men at det er en fantastisk film om medmenneskelighet. Jeg synes den er perfekt i formen. Det eneste er bare at den passer neste for perfekt inn i sjangeren intellektuel europeisk film.

Aina sa...

Eg synest filmen er interessant på begge plan, både som ein historisk film (ikkje minst fordi det er så nyleg), og som ein film om mellommenneskeleg relasjonar og medmenneskelegheit, som Kristine skriv. Eg er generelt svært interessert i historiske filmar, og kombinasjonen er veldig bra.