19. november 2007

Versjon 1.1

Eg har nettopp lese korrektur på manuset, og har sendt den nye og forhåpentlegvis forbetra versjonen til redaktøren. Det blir interessant å få tilbakemeldingar frå han på dei to nye scenene eg har skrive inn, og på dei små endringane eg har gjort. Eg skulle også likt å få tittelen klar. Eg har no gitt han seks forslag å velje mellom. Blir interessant å sjå kva slags respons eg får på dei.

Dette er første gongen eg har sendt inn eit manus eg veit ikkje vil bli refusert. Kontrakta er underskriven, prosessen er i gang. Dette er gøy!

Det nye prosjektet har eg også jobba litt med. Det er ei samling korte tekstar, noveller eller kortprosa, i den stilen som er mest naturleg for meg: poetisk prosa. Eg veit enno ikkje om prosjektet vil fungere eller ikkje, men det er kjekt å vere i gang med noko nytt. Ekstra kjekt sidan eg endeleg har noko konkret å jobbe mot.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg kjenner du bygger en veldig spenning i meg fram i mot å få vite hva den endelige tittelen skal bli. ;-)

Spennende dager for deg - og for oss som får ta del i det via bloggen din. Så takk for det! :-)

Aina sa...

Tusen takk sjølv, for positivitet og entusiasme! Det set eg veldig pris på!

Eg gler meg til å kunne kringkaste ein tittel her, og kanskje eit liten smakebit også, etterkvart?

Jørn Roeim sa...

Enig med leselama i at dette er en veldig spennende prosess å ta del i. Jeg tenker meg også at nå som du har bestått "svenneprøven", er du i en annen situasjon når du tar fatt på et nytt prosjekt. Det gir riktig nok ingen garanti for at fremtidige prosjekter vil lykkes, men det må jo gjøre noe med selvtilliten. Dessuten er prosessen med den første utgivelsen også en læreprosess som vil komme ditt videre arbeid som forfatter til gode.

Aina sa...

Eg kjenner jo det allereie, at sjølvtilliten er hakket større enn før. At eg tek fatt på nye tekstar med heilt anna sikkerheit enn tidlegare. Og det er jo bra, om ikkje anna.

Anonym sa...

Bring it on! :-)
Jeg skal følge spent og nøye med, Aina.

Aina sa...

Kjekt å høyre! :)