2. november 2007

Trykket

Korfor skrive?
Er der ikkje nok forfattarar i verda? Finst der ikkje nok bøker? Er det verkeleg noko igjen som ingen har skrive om? Finst der heilt nye bodskap? Kan du endre verda? Kva er det ved deg som gjer at folk skal gidde å bruke tid på å lese dine utgytingar? Kva er det ved akkurat din tekst som gjer at det er verdt å bruke pengar på han?

Skrivinga handlar ikkje om å ha gode svar på desse spørsmåla.
Skriving handlar om ei trass, eit trykk, kall det eit kall. Skrivinga handlar om å måtte skrive, sjølv om det ikkje er matnyttig, sjølv om det ikkje er nokon som vil lese det, sjølv om du ikkje trur du skal endre verda med orda dine. Skrivinga handlar om å likevel prøve. Om å vere seig, uthaldande, om å ikkje gi seg, vere sta, om å fortsette.

Skrivinga handlar om å ikkje klare å la vere.
Om å elske det. Om å leve sterkare i det, gjennom det.
Skrivinga er ei kribling i magen, ei forelsking, ein brann i kroppen.
Skrivinga er kjærleiken til svart ord på kvitt papir, kjærleik til formene pennen lagar - vakre, sirlege, - raske, slurvete, utolmodige. Skrivinga er at alt rundt deg blir lyrikk, blir prosa, blir meiningsfylte setningar. Alt du ser blir tekst, alt du høyrer.
Alt er inspirasjon.
Trøyttleiken, motløysa, keisemda, gråskapen, eksosen som svir i nasen.
Eg elskar å skrive.
Eg vil berre skrive.
Eg vil aldri slutte.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg liker kalls tanken. At man bare må gjøre noe. Det å skrive har aldri vært mitt kall, men jeg kan forstå at du har det. Det gir naturlig engasjement og glød. I motsetning til de som skal ha publisert noe for å ha "realisert seg selv".

Aina sa...

Det er faktisk eit vanleg spørsmål å stille skrivelystne: Korfor vil du skrive? Mange svarar då at dei skriv fordi dei må, fordi dei ikkje klarer å la vere, fordi dei har eit trykk eller "trøkk". Det er den kategorien eg tilhøyrer. Men eg veit der er andre som skriv fordi dei vil bli noko, vil bli lagt merke til, "kjendisar".

Anonym sa...

Jeg skriver også. Husk og aldri fortelle noen andre at du skriver sa Arne til meg. Hva mener han?