1. november 2007

Omrokering

Tor Obrestad, Paal-Helge Haugen og Einar Økland anno 1966

Eg er ein vinglete lesar.
Eg skriv scener på bussen, dikt på mobiltelefonen når eg er ute og går om kvelden.

No les eg:
Anne av Paal-Helge Haugen

Kva skal eg seie. Ho er fantastisk.
Eg vil lese alle tekstane om att og om att. Eg har lånt ei nydeleg utgåve frå 1989 på biblioteket, illustrert av Jens Johannesen.
Eg har bestilt boka på nettbokhandelen, saman med Ho som ror av Marit Kaldhol og Morgon og kveld av Jon Fosse. Bøkene som har gjort sterkast inntrykk på meg i år. Bøker eg vil lese igjen og igjen.

Eg les også Taxi for B.A. Beckström - eller kunsten å danse på furu på bussen om morgonen. Det er ei lett og underhaldande bok. Eg er ikkje komen så langt, er ikkje blitt skikkeleg kjent med karakterane enno, men eg likar at det finst slike bøker også på nynorsk. Lette, likandes bøker, bøker med humor, bøker som gjer deg glad og kanskje litt trist, men på ein fin måte.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Veldig fint retrobilde dette!

Slik skulle altså kjekke, unge forfattere se ut en gang i verden... Kanskje dress og slips er undervurdert i våre dager når det gjelder arbeidsantrekk til å skape stor litteratur i? ;-)

Aina sa...

Ja, var ikkje dei flotte? Må seie at spesielt min favoritt i midten tok seg godt ut.

Det som er fint er at det no har byrja bli in igjen med sekstitals-dressstilen i enkelte miljø. Lekkert, lekkert :)