23. november 2007

Skammar du deg ikkje?

Har du nokon gong gjort noko skikkeleg fælt som du ikkje vil at nokon andre skal vite?
Noko som kan føre til at andre synest ille om deg, og som du difor må skjule? Noko som kanskje er straffbart? Noko som kanskje er så skammeleg og forferdeleg at du endåtil skjuler det for deg sjølv?

Det er her Skammaren kjem inn. Ein skammar kan sjå deg djupt inn i auga, seie "Skammar du deg ikkje...?" og fram kjem det, alt saman. Ut frå dei inste, bakarste, mest bortgøymte krokane i sinnet ditt. Så det er kanskje best å ikkje sjå ein skammar inn i auga?

Eg les ungdomsfantasyromanen Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl. Opphavleg skriven på dansk, men omsett til nynorsk og utgitt på Samlaget. Og eg er hekta.

Dette er ei boktilråding, til alle de der ute som ikkje er for vaksne for barne- og ungdomsbøker, og som synest Harry Potter, Ringenes herre og Den mørke materien var spennande.

4 kommentarer:

Flopsy sa...

Disse bøkene har jeg lenge vurdert, kjekt å høre positiv omtale av dem!

Jeg liker veldig godt fantasy, som Potter, Gaiman og Pullmann. Men det finnes så mye dårlige bøker i denne sjangeren føler jeg, at det skal litt til før jeg begynner på noe nytt. Tipper denne hever seg over den grå massen!

Aina sa...

Ja, eg trur også det er mykje dårleg innan fantasy-sjangeren. Eg var lenge uvilleg til å lese noko som helst anna enn Tolkien, men har då så smått fått utvida horisonten litt. Gaiman har eg aldri lese. Kva vil du tilråde?

Anonym sa...

Det finnes nok de som har bedre greie på Gaiman enn meg, men Stjernestøv synes jeg var en fin historie. Og barneboka Coraline er veldig bra, med skikkelig ekkel stemning.

De som har greie på det pleier å anbefale Gaimans tegneserier ved navn Sandman, men de har ikke jeg lest.

Aina sa...

Ok, takk for tipsa :)