3. november 2007

Nybyrjartankar

Når er det vanleg å skrive, kor mykje skal ein skrive, og kor ofte skal ein kome med nye bøker?

Dette er spørsmål eg stiller meg sjølv. Ikkje fordi eg har tenkt å la meg leie av ei norm, nei, på den fronten har eg tenkt å bestemme sjølv, men fordi eg er nysgjerrig. Og fordi det vert fokusert så mykje på det.

Det er vanleg å sitere forfattarar som Lars Saabye Christensen, som seier han set seg ned klokka ni kvar morgon for å skrive. Og då skal han skrive. Då han skrive. Sjølv om det blir dårleg og han knurvar papiret og kastar det etterpå. Poenget er at ein skal gjere ein jobb utav skrivinga, at ein skal etablere faste vanar, at ein skal produsere.

Edmund Austigard seier i denne vekas Dag og Tid, at han skriv i kvar ledige stund. Han har ikkje tid til å sitte og vente på den kunstnariske inspirasjonen. Også i andre litteraturbloggar kan vi lese om forfattaren som skriv på denne måten, som skriv fordi han må, som tvingar seg til å skrive sjølv når han ikkje er inspirert.

Eg trur ikkje eg nokon gong kan bli slik.
Eg kan gå veker, månader utan å skrive skikkeleg. Kanskje rablar eg ned ei setning i notatboka, kanskje kjem eg på ein idé til ei ny novelle.
Men eg skriv ikkje. Ikkje skikkeleg.
Eg opnar ikkje eit nytt dokument i Word og byrjar på ei ny historie.
Men så kjem ria. Skriveria. Då berre skriv eg. Kveldar, dagar, helger, medan eg går, på bussen, på mobiltelefonen. Då får eg ikkje sove, fordi eg vil skrive. Og alt eg ser og høyrer seier meg noko, har noko meiningsberande i seg som kan bli ein del av ein tekst ein eller annan gong.

Eg har ikkje lyst til å gjere skrivinga til ein jobb.
Ikkje enno. Eg vil skrive når eg har lyst, fordi eg har lyst. Eg vil heller gi ut bøker sjeldnare, når eg har noko, enn å presse dei fram fordi det er jobben min.
Kanskje det kjem an på korleis ein ser på skrivinga. Kanskje det kjem an på om ein vil ha det som ein leveveg eller ikkje.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Du skriver så godt om det å skrive! Fine innlegg!

Jørn Roeim sa...

Det er mulig det er en forskjell her på om man er heltidsforfatter eller ikke, men jeg tror at det er like mange måter å organisere arbeidet sitt på som det er forfattere. Jeg har for eksempel hørt om forfattere som betrakter den tilsynelatende uproduktive tiden, dvs den tiden de arbeider med en bok i tankene, som det egentlige arbeidet, og selve det fysiske skrivearbeidet som det minst vesentlige.
Poenget er vel å finne en måte som passer for en selv, og det virker det jo som du har gjort. Du får ting til, og du får ting ferdig. På din måte. Det er det det dreier seg om.
Ellers er jeg enig med leselama i at du skriver veldig godt og interessant om det å skrive.

Aina sa...

Eg har høyrt om forfattarar som gjer alt arbeidet i hovudet, før dei set seg ned for å skrive. Jon Fosse skal vere ein slik forfattar.

For meg er det medan eg skriv det skjer. Eit ord tek eit anna, stundom skriv eg nærast på autopilot og noko kjem ut som eg ikkje ante at var der. Likevel er det einskilde ting det kan vere nyttig å tenke over utanom skrivestundene. Plottet, til dømes, eller andre samanhangar mellom karakterane eller i historia. Men ofte byrjar alt med at eg skriv ei setning. Setninga skapar ei stemning, stemninga skapar eit svakt omriss av noko, ein situasjon, ei scene, eit anslag. Og så er ein kanskje i gong. Men dei færraste ideane blir til noko. Eg har sannsynlegvis to hundre idear eg ikkje har skrive ut.