10. oktober 2007

Fabelaktig feelgood-film

Den nye John Travolta-filmen Hairspray går på kino om dagen, og i går kveld var eg på Colosseum og såg han.

Filmen er bygd på ein musikal, og handlar om ungjenta Tracy, som elskar å danse, og som har ein stor draum: Nemleg å bli ein av dei kule ungdommane som dansar på The Corny Collins Show på lokalfjernsynet. John Travolta spelar den overvektige, men lettbeinte mor hennar, og Christopher Walken er faren. Andre kjende stjerner som Michelle Pfeiffer figurerar også i filmen, og hovudrolleinnehavaren er veldig søt og blid og sympatisk.

Dette er ein film for regnvêrsdagar, eller for dagar der du berre føler for å vere glad, å trampe foten i takt med den groovy soulmusikken og ha lyst til å danse. Ein film ein smiler seg gjennom, og som gjer livet bittelitt lettare å leve.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg så en Oprah-spesial om denne for en stund siden. Helt fasinerende klipp og utrolig morsomme skuespillere. I beste amerikanske stil var det alt for mye av alt, hele tida. Denne må jeg se! Deilig med ting som gjør livet lettere å leve. :-)

Aina sa...

Det var den eg også såg :)
Og då tenkte eg at denne MÅ eg berre sjå! Og det angrar eg definitivt ikkje på. Det er ein super sofa- og heimelaga pizza-film!