6. september 2007

Om forfattaren

I går såg eg filmen Sylvia om Sylvia Plath, med Gwyneth Paltrow i hovudrolla. Noko overraskande spelte James Bond (aka Daniel Craig) rolla som den suksessrike poet-ektemannen hennar, Ted Hughes. Det gjekk som det måtte gå: Til helvete.

Eg trudde eg skulle bli meir nyfiken på henne etter å ha sett filmen om henne. At eg skulle få ein enorm trong til å lese Glassklokken med ein gong. Men eg fekk ikkje det. Eg har ikkje noko mindre lyst til å lese den, men heller ikkje meir.

I staden plukka eg ned den fine, vesle Anna Gavalda-boka eg kjøpte på bakgardssalet og putta den i veska. Byrja å lese litt på bussen til jobb. Det var heilt ok. Ikkje det heilt store. Trudde det skulle ha litt større djup. Kanskje det kjem.

Litteraturen og forfattarane skuffar meg så ofte. Eg har ikkje dette romantiske forfattarsynet som eg registrerar at ein del andre har. Forfattarar er berre heilt vanlege menneske, som tilfeldigvis er flinke til ein ting vi set pris på. Stundom skriv dei godt, andre gongar gjer dei det ikkje. Forfattarane har ikkje djupare innsikter i menneska og verda enn resten av oss. Ikkje naudsynleg, det er ikkje ein kausalitet. Filosofar treng heller ikkje ha det, eller psykologar. Vi er flinke til ulike ting. Det er ikkje noko magisk ved det. Sjølv om det av og til kjennest slik. På ein måte er det litt godt, også.

4 kommentarer:

Jørn Roeim sa...

Denne er vel myntet på meg. Jeg har gått tilbake på utsagnet om at forfattere er klokere enn andre, men jeg mener fortsatt at både intelligens og innsikt i menneskene og livet tross alt er nødvendige forutsetninger for å bli en god forfatter. Men forfatternes fremste egenskap er at de kan formidle sin viten og sin innsikt på en måte som gjør at andre kan ha stor glede av den, og øke sin viten og innsikt gjennom lesingen. (Det gjelder for så vidt all kunst.) I lykkelige tilfeller blir det magi av det, det har alle lesere opplevd. Men det er i leserens møte med teksten at opplevelsen og eventuelt magien oppstår. Forfatteren som person er relativt uinteressant.

Aina Basso sa...

Nei, ikkje mynta spesielt på deg - det er mange som har dette synet. Eg synest det skaper ein unormal distanse imellom lesar og forfattar. For høge forventningar frå lesarens side, og ein hang til å sjå på forfattarar nærast som guruar. Nokre forfattarar har stor innsikt, andre har det ikkje. Nett slik det er innan alle andre felt i livet.

Eg er ikkje einig i at forfattaren som person er uinteressant. Ein forfattar er ikkje mindre uinteressant enn ein musikar eller biletkunstnar. Korfor må forfattaren vere død medan kunstnaren får leve?

Forfattarmytene vi omgir oss med er nettopp det - myter. Du er jo forfattar. Er det deg sjølv du snakkar om når du hyllar den innsiktsfulle forfattarskikkelsen? Kven er denne forfattaren du snakkar om?

Jørn Roeim sa...

For å ta det siste først: Jeg mener absolutt ikke meg selv når jeg snakker om den innsiktsfulle forfatteren. Råmaterialet for mine barnebøker er tradisjonslitteratur, som jeg riktig nok bearbeider litterært, men det blir likevel ganske annerledes enn om jeg hadde diktet selv, som en vanlig forfatter.
Du kan ikke nevne forfattere, musikere og billedkunstnere i samme åndrag. Forfattere og billedkunstner er skapende kunstnere (skaper åndsverk), mens musikere er utøvende kunstnere (fortolker andres åndsverk). Når det gjelder skapende kunstnere, er det det de skaper som først og fremst er interessant, for det er det leseren eller betrakteren møter og trenge å forholde seg til, og som skaper opplevelsen, ikke personen bak.
Og jeg lurer på hvorfor du leser, hvis ikke det er for å få noe - inspirasjon, kunnskap om det store eksperimentet vi kaller livet, større innsikt i deg selv og andre - som forfatteren gir deg, og som du ville vært fattigere uten?

Aina Basso sa...

No synest eg du fær med harelabb over musikarvirket. Lagar ikkje musikarar eigen musikk? Eg har alltid meint, og vil alltid meine, at musikk er ein kunstart på lik linje med dei andre, på same vis som eg ser på litteratur som ein kunstart - iallfall ein potensiell ein.

Eg har ingenting imot forfattarar, ei heller er eg ueinig i at litteratur kan gi noko som kjennest som større innsikt i dei store spørsmåla. Men det er ikkje difor eg les. Eg les av mange grunnar. Eg les for å bli underhaldt. Eg les for å bli bevegd. Eg les for å kjenne meg igjen. Eg les for å lære. Eg les fordi eg interesserar meg for språk og tekst. Eg les fordi eg skriv. Og eg skriv kanskje fordi eg les.

Men eg trur ikkje sanninga kan avdekkast bak orda til eit anna menneske. Eg trur ikkje der finst noko sanning.