17. august 2007

Nytt lesestoff

Lilla von Bulyovszky
I går fekk eg to nye bøker i hende.
Den eine, Reiseminner fra Norge 1864 av Lilla Bulyovszky, henta eg på biblioteket i går, og byrja å lese på senga i går kveld. Veldig morosam lesing! Fine naturromantiske skildringar av ei reise frå Lübeck til Noreg og rundt om i landet. Endåtil Ålesundstrakten skal vere skildra. Det gler eg meg til. Absolutt tilrådd om du er interessert i norsk kulturhistorie på 1860-talet, sett gjennom auga til ei berømt ungarsk skodespelarinne.

I tillegg låg til mi store glede den lenge etterlengta Something Rotten i postkassa i går. Dette er den fjerde boka i serien om litteraturdetektiven Thursday Next som mildt sagt, og på fleire plan, opererar i eit parallelt univers. Svært underhaldande, spesielt for oss bokormar, då det kryr av morosame ordspel og referansar til litteraturverda.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Apropos Thursday Next. Jeg har jo begynt på den femte boka First amongst sequels og der opererer hun på enda fler plan, for hun diskuterer de fire tidligere utkommede bøkene. Snakk om metaplan.

Aina Basso sa...

Så morosamt! Eg gler meg! No skal eg henge i og lese ut "Løvekvinnen", og så skal eg gi meg sjølv lov til å byrje på "Something Rotten". Såg forresten at dei hadde "The Fourth Bear" på Ark Pocket nede ved Klingenberg. Positiv overrasking!