15. august 2007

Bibliotekbruk

I Klassekampen kan vi i dag lese at ABM-utvikling (Statens senter for arkiv, bibliotek og museum) har føretatt ei undersøking av bibliotekbruken i Noreg, og funne at antal brukarar stadig går ned. Dette er bekymringsverdig, uttalar dei, og radikale tiltak må til. Medan eg les det første avsnittet, synest det å demre noko om ein annan bibliotekartikkel, der Oslos folkebibliotek, Deichmanske bibliotek, klagar over alle lånarane som ikkje er flinke nok til å levere tilbake bøkene dei låner. Ifølgje Deichman er dette eit stort problem:

"Mens Deichmanske bibliotek hittil i år har lånt ut 1 327 605 bøker, har de måttet sende ut 136 975 1. gangs purringer fra biblioteket, altså på omtrent hver tiende bok. De har også sett seg nødt til å sende ut 38 057 2. gangs purringer."

Er det ikkje det eine, så er det det andre. Eg har ikkje merka noko til nedgangen i bibliotekbruken. Eg syns stadig eg må stå månadsvis på venteliste for både bøker og filmar. Men kanskje er det berre i Oslo det er slik. Vi er litteratar her i tigerstaden.

4 kommentarer:

Anonym sa...

På den ene siden synes alltid det er godt med folk når jeg er på biblioteket, men på den andre siden blir folk stortsett veldig overrasket over at jeg er på biblioteket stortsett hver uke. Jeg ser mange som låner store bunker med bøker, men jeg vet om mange (de samme som overraskes av hvor ofte jeg er på biblioteket) som har problemer med å levere bøker i tide.

I tillegg til alle de bøkene jeg kjøper, synes jeg det er flott å ha tilgang på bibliotek. Det å bruke bibliotek er det jeg er mest fornøyd med at foreldrene mine lærte meg. Jeg forundres statdig over at folk ikke bruker tilbudet (ad ditt første punkt) eller at de ikke har respekt for det og det brukere (ad punkt to).

Og jeg har en skrekkhistorie om manglede respekt som jeg må komme med, den sitter så sterkt i sjelen. I åttende klasse skulle vi jobbe med prosjekter om ulike land og klassen tok seg en tur til det lokale biblioteket. En av guttene i klassen som neppe hadde vært der før og i alle fall ikke hadde lånekort, var ikke interessert i å låne bøker om sitt land eller betale for å få kopier av artikler. Han skjønte ikke vitsen. Han hadde KLIPT ut de bildene han ville ha av de bøkene han hadde sett i! Tror verken lærer eller bibliotekar fant ut av det, så det var bare jeg som lot meg sjokkere.

Aina Basso sa...

Eg trur både eg og du er i gruppa som trekk opp bibliotekbruksgjennomsnittet. Eg er også på biblioteket 1-2 gongar i veka, som oftast fordi eg likar å låne ein del filmar der, men eg låner også bøker og lydbøker.

Eg har alltid vore ein flittig bibliotekbrukar. Det vesle biblioteksrommet på øya med vegg-til-vegg-teppe på golvet kunne by på mange spennande leseopplevingar då eg var i min spede ungdom; Agatha Christie den største, Catherine Cookson og Evy Bøgenes kanskje ikkje av dei beste...

Dei første studieåra brukte eg mest universitetsbiblioteket, men så gjenoppdaga eg folkebibliotekets gleder, og har tatt dette med meg hit til Oslo. Så ivrig biblioteksbrukar som eg er no, har eg nok ikkje vore sidan tenåra. Slik er det å ha ein "ni til fire"-jobb.

Og apropos skrekkhistoria di, så har eg høyrt om nett det same. Ei jente eg såg opp til på ungdomsskulen, som var tre år eldre enn meg, gjekk med kule batikkskjorter, var hippie og digga the Doors (slik eg også gjorde på den tida), klipte ut bilete av Jim Morrison i ei bibliotekbok. Eg vart mildt sagt sjokkert. Eg trur eg syns det var anarkistisk av henne.

Anonym sa...

Eg må med skam melde at eg nesten ikkje har sett mine bein på eit bibliotek dei siste fem åra. Dvs. etter at eg byrja å jobbe.

Men det eg skulle seie, var at eg vart litt sjokkert over vegleiaren min på UiB. Eg fekk låne ei fagbok av han til heimeoppgåva mi. Den skulle ha vore levert tilbake til Universitetsbiblioteket fleire år sidan. Da eg nemnde det for han, sa han at han beheldt dei bøkene han ikkje fekk purring på.

Aina Basso sa...

Skam deg, Frode.
Men du les vel ikkje så mykje heller, kanskje? Har råd til å kjøpe dei få bøkene du klarar å stave deg gjennom (to gongar) i løpet av eit år? Hirr, hirr.