14. mai 2007

Ny litteratur

Eg har i helga byrja på to nye bøker, etter at eg fullførte The Blue Castle akkompagnert av rørte, romantiske tårer. Av og til er det herleg med ein god, gammaldags kjærleiksroman - med lykkeleg slutt og det heile.

Eg fekk endeleg byrja på Sult i helga, men eg fann ut at eg måtte ha ei lettlestbok også, og valet falt på Died in the Wool av Ngaio Marsh. Som eg tidlegare har nemnt, er eg glad i "gullalderkrim", og Ngaio Marsh vert rekna som ei av dei fire gullalder-krimdronningane, saman med Agatha Christie, Dorothy L. Sayers og Patricia Wentworth. Foreløpig har eg ikkje lese nok til å ha gjort meg opp ei meining om ho fortenar tittelen, men eg syns kanskje det er litt vanskeleg å bli fanga inn i historia. Handlinga er lagt til ein ullfarm på New Zealand, og så langt er settinga litt mindre glamorøs enn eg er van med. Språket er også litt uvanleg, noko som absolutt ikkje er negativt, men som gjer at det tek litt tid å kome inn i lesinga.

Eg har elles fått litteraturrelaterte presangar i samband med min 28. fødselsdag, deriblant ei bok (mi første) av ovannemnte Patricia Wentworth, som eg ser fram til å lese. Eg kan også nemne at eg har fått eit eittårsabonnement på det litterære magasinet Bokvennen, som eg gler meg veldig over.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Det er nok ikke Patricia Wentworth, men Margery Allingham som er den fjerde gullalderdronningen. Jeg har forstått det som om Wentworth var like mye lest som de fire andre på 40 og 50-tallet, men fordi hun nok har litterære kvaliteter litt nærmere Nancy Drew og annen kiosklitteratur har hun nok ikke fått satus som dronning.

Gleder meg allikevel til å få høre hva du synes om Patricia Wentworth.

Det går ganske tregt med Died in wool for meg og. De andre dronningene har litt mer glamorøs setting og ikke fult så mange gale slekninger og lystløgnere. Men jeg liker Alleyn, så jeg kommer meg vel igjennom boka.

Aina Basso sa...

OK! Eg tenkte nett det same som du skreiv no, at Patricia Wentworth kunne vere meir i Nancy Drew-sjangeren. Ikkje at det gjer noko, for eg har ei heil hylle med Nancy Drew-bøker heime, og likte henne veldig godt då eg var lita. Dessutan er vel Wentworth sine bøker meint for vaksne, slik at dei uansett vil vere litt meir avanserte.

Margery Allingham, ja. Det betyr jo berre at eg har endå ein forfattar å sjå fram til, det. Har du lese noko av henne?

Anonym sa...

Margery Allingham skriver om Campion og han kunne vært en fjern slektning av Lord Peter. Han har noe aristokratisk blod, men tror ikke han er rik, men han har rike slektninger på landet. Plotene har litt mer action en Agatha Christie, for Campion er en ung mann, i alle fall i de bøkene jeg har lest. Det er bare å glede seg Aina! Jeg har noen paperbacks du kan låne hvis du vil.

Aina Basso sa...

Det høyrest veldig bra ut! Eg låner gjerne bøker, men trur eg skal vente litt. Blir moro!