9. mai 2007

Ny lettlesbok

Eit litt flaut omslag
Eg har klart å fylle tomrommet etter Lost in a Good Book med ei riktignok ikkje like underhaldande bok, men iallfall med ei som absolutt er tilfredsstillande.

Denne gongen er det kjærleiksromanen The Blue Castle av Lucy M. Montgomery som står for tur. Eg har tidlegare lese nokre av barnebøkene hennar med stor glede (Anne fra Bjørkely og Emily på Månegården), og denne vaksenboka er eit gledeleg gjensyn med universet hennar. Handlinga er lagt til byrjinga på 1900-talet i Canada og boka kom ut første gong i 1926.

Diverre er boka pryda med eit heller kioskroman-aktig omslag, teikna på høgda av vekebladillustrasjonen på åttitalet, men ein skal ikkje døme boka etter omslaget, heiter det, og denne boka er inkje unntak.

2 kommentarer:

kristine sa...

Jeg har forøvrig flere Montgommery bøker som har blitt utgitt i samme serie, dvs. med de samme pinlige forsidene. Det gjelder f.eks. Emily og Pat bøkene. Bare tenk deg hvordan en bok som heter "Mistress Pat" tar seg ut med ukebladforside.

Aina sa...

Det er jo ei skam å øydelegge god litteratur på den måten. Men, men. Det var vel rekna som salbart då det vart laga :)

Likar forresten boka stadig betre. Foreløpig er det ikkje noko kjærleik, men hovudpersonen har iallfall byrja hevde seg sjølv litt overfor omgivnadane.