7. mai 2007

Lost in a Good Book

Den siste tida har eg, som tidlegare nemnt, hatt eit kjærleiksforhold til litteratur.

Denne helga har eg lese ut den fantastiske andreboka om litteraturdetektiv (og agent i SpecOps-27) Thursday Next, nemleg Lost in a Good Book av Jasper Fforde. Den tilrådast på det sterkaste til alle lesarar som likar sprelske, sprø historier der alt kan skje (og gjer det), intelligent humor, med festlege ordspel og masse "bokstaveleg talt´ar" (som t.d. i tittelen: Jaa, det går faktisk an å bokstaveleg talt forsvinne i ei god bok...)

No ventar nye utfordringar: Kva skal eg fylle den ledige "lettlest"-plassen med?

Alternativa er:

- Fortsette med Den mørke materien av Phillip Pullman
- Died in the Wool av Ngaio Marsh
- Byrje på Sherlock Holmes-bøkene eg har ståande i hylla
- Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen
- Til jeg finner deg av John Irving
- Kafka på stranden av Haruki Murakami
- The Woman in White av Wilkie Collins (den første whodunnit-romanen)

Og den "tyngre" lesinga fortset...:

To the Lighthouse av Virginia Woolf
Prosessen av Franz Kafka (eg har jo berre femti sider igjen...!)

og snart

Korset under Skuggefjellet av Marta Schumann

Ingen kommentarer: