23. april 2007

Verdas bokdag

er i dag, som du sikkert veit.

I samband med denne høgtidsdagen, vil eg nytte høvet til å reflektere over min bokdag nett denne mandag den 23. april 2007.

Eg byrja dagen med å lese nokre sider i To the Lighthouse av Virginia Woolf på veg til jobb. Då eg kom på jobb, var det ikkje lenge før eg nytta meg av bokklubben sitt framragande tilbod, og kjøpte Glassklokken av Sylvia Plath (som eg lenge har tenkt eg skulle lese) til den nett sum av kr. 49,-.

På nattbordet ligg ei mengde bøker, som vanleg:
Nye tilskot er Teppet faller av Agatha Christie, som handlar om den aller siste saka til Hercule Poirot, tilbake der det heile starta på Styles Court femti år tidlegare. Ei gjenlesing som forøvrig vart trigga av Poirot-maratonet eg føretok i går; eg såg sannsynlegvis heile fire filmar i løpet av dagen og kvelden. Eit anna nytt tilskot på ventelista er ein historisk roman av Martha Schumann, Korset under Skuggefjellet.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hvorfor er ikke verdens bokdag helligdag?

Aina Basso sa...

Godt spørsmål. Svaret er: Eg veit ikkje.