24. april 2007

Bilete

Foto: Jørn Roeim
Kanskje går du bort til benken.
Kanskje set du deg på den venstre sida
eller den høgre.
Du pirkar i bordet med peikefingernaglen.
Luggen din heng.

Du snur hovudet og ser
utover vatnet.
Alt er så stille,
tenker du.
Det er ein flyt i det heile.

Kanskje er det no du reiser deg,
går ned til sjøkanten.
Kanskje står du der berre
ei stund
og ser.


Etterpå veit eg ikkje kva du finn på.
Du går ut av biletet
og forsvinn.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Takk skal du ha, Aina. Hyggelig at bildet inspirerte.

JR

Aina Basso sa...

Berre hyggeleg. Det var eit inspirerande bilete.