6. mars 2007

Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman

I går fullførte eg Solstads siste.

Eg kan ikkje kalle det ein roman, for det er det ikkje.
Brokkar av fiksjon, blanda med Solstad sine eigne tankar om skrivinga av romanar generelt og denne romanen spesielt, alt i form av fotnotar, 99 i talet.

Både språket og teksten verkar overraskande lite gjennomarbeidd. Det synest som om boka er skriven i eitt tak, utan at han har gått tilbake og korrekturlese etterpå. No er jo romanen, om ein kan kalle den det, ein metaroman. På den eine sida blir vi kjent med diplomaten Armand V, på den andre sida blir vi kjent med Dag Solstad, forfattaren, og måten han tenker og jobbar på.

Og det kan i og for seg vere interessant.
Eg trur boka vil bli ståande som noko heilt spesielt i ettertida, på grunn av posisjonen Solstad har fått i norsk litteraturhistorie, dersom ein legg velvilje og tolkingsvilje til grunn. På grunn av forfattarskapen hans fram til denne boka.

Legg ein derimot ei litterær oppleving til grunn, kjem boka til kort.
Dagboksnotatane til forfattaren verkar forstyrrande på historia. Ein får ikkje vite nok om Armand V og dei rundt han, men ein får vite for mykje om Dag Solstad.

Kor interessant er det eigentleg å vere med på Solstad sin skriveprosess?
Kor interessant er det å vere med på funderingane hans og sjølvkritikken?
Kor interessant er det å også vere med på sjølvheidringa?

Har Solstad rett? Har han mista evna til å skrive romanar? Og får han gode kritikkar kun fordi ein skal skjønne Solstad?

Men der var lyspunkt. Delane der fiksjonen fekk kome fram, fungerte oftast svært godt. Eg koste meg med dei typiske Solstadske innsikter, og likte historia han skreiv. Det var alle gjentakingane av hans eigne kvernande tankar som ikkje fungerte. For meg. No.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Det er litt skummelt med bøker av kjendisforfattere. De lever et liv uavhengig av kvaliteten på bøkene. Hvis noen skulle debutere med en "fotnoteroman" måtte det ha vært en god historie i tillegg til forfatterens selvreflektering.

Tror ikke Armand V skal øverst på leselista mi etter dette. Stoler på din bedømmelse.

Unknown sa...

Enig med deg, aina.

Jeg mener at de såkalte fotnotene heller ikke er fotnoter. Teksten om Armand V. er egentlig bare en vanlig romantekst delt opp på en litt annen måte, mens innimellom er det noter som er mer virkelige fotnoter med kommentarer. Den har noen lyspunkter, men jeg syns boken er umoden og middelmådig.

Aina Basso sa...

Eg skal snart byrje å lese den aller første Solstad-boka, "Spiraler". Kan bli interessant å samanlikne den første med den siste og sjå korleis stilen og mannen har endra seg.