16. januar 2007

Selsam bussmorgon

Ingen morgonar er like. Ingen bussturar er like.
Og definitivt ingen passasjerar er det.

I dag tidleg tok eg, vanen tru, buss nr. 54 frå Nationaltheatret. Det var ein av dei nye bussane der dei fleste vanlege seta er for høge for slike småtassar som meg, slik at eg blir sitjande og dingle med beina som ein annan åtteåring (opplevinga fører meg uvegerleg tilbake til barndomens bussturar, den litt flaue kjensla av å ikkje rekke ned).

For å unngå denne ukomfortable dinglinga med beina, har eg funne ut at eg kan sette meg på det opphøgde setet til venstre når ein kjem inn i bussen, der det er to 1 1/2-seter (eller kjærasteseter som eg kallar dei) vendt mot kvarandre. Der er avstanden mellom setet og golvet på den vesle avsatsen i perfekt forhold til kvarandre.

Eg sit der altså romsleg og behageleg for meg sjølv, med den vesle posen min ytst på setet, inntil det gule armlenet i plast og les i boka mi. Men kva skjer?

Jau, dette:
Ein mann, av vanleg storleik, altså omlag 80 kg tung og 1,80 m høg kjem og pressar seg ned ved sidan av meg på det vesle kjærastesetet! Eg har aldri opplevd liknande.
Først ser eg forskrekka på han, utbryt: "Eg trur det blir litt trangt". Han smilar, ser på meg, seier: "Men det går bra!" Eg nølar litt, han fortset å presse rumpa si ned på den smale plassen mellom meg og det gule armlenet (hugs at vi i tillegg sit oppe på ein avsats, han kan ikkje kvile beina på golvet i midtgangen), eg seier: "Eg trur ikkje det er meininga at det skal sitte to her... det er eit 1 1/2-sete". "Men det går bra!", gjentek han og har pressa rumpa si godt inntil mi. Eg nikkar, lenar meg framover med boka, prøvar å ikkje tenke på den ukjende mannen som invaderar intimsona mi, og er letta og lykkeleg då eg kan gå av to stopp seinare.

Er dette normalt? Anna enn i Hellas og Asia, meinar eg?

2 kommentarer:

Anonym sa...

HahahahhahahahA! Ja, dette har jeg også opplevd. Det er helt utrolig ekkelt. Prøver å unngå disse setene, for dette er visst ikke helt uvanlig.

Det er nok ikke plass til to kjærester en gang på de setene, med mindre det er små barn det er snakk om.

;)

Aina Basso sa...

Ja, eller små fjortiskjærestar eventuelt! Har du verkeleg opplevd dette altså? Eg fortalte det på jobb, og alle rista på hovudet og sa "Det er IKKE normalt". Tydelegvis er der ein del menneske der ute som har litt andre intimgrense enn oss andre.

Då eg var i Athen saman med ei venninne for nokre år sidan, sat vi jo nesten oppå både kvarandre og ukjende folk på bussen, noko som var ganske ubehageleg - men det var trass alt i utlandet, ein finn seg i meir der. Det som var kjipt var at venninna mi var 5-6 veker på veg og blei kjempekvalm av alt presset. Ikkje like moro.