27. januar 2007

Bok-U-anbefaling

Verdas bestselgande drittbok
Eg har nettopp lese ut den altfor lange bestselgaren til Kate Mosse (som eg heldigvis kun har lånt på biblioteket og ikkje kjøpt sjølv), Labyrinten.

Bokmeldar Anne B. Ragde vert sitert på omslaget der ho seier noko som at Labyrinten er ein lesefest, ei blanding av Rosens navn, Da Vinci-koden og Ringenes Herre.

Viss eg hadde vore Umberto Eco eller J.R.R: Tolkien ville eg blitt frykteleg fornærma over å bli assosiert med slikt eit makkverk av ei bok, med eit fullstendig idiotisk plott, elendig språk og ei endå meir elendig oversetjing. Boka er rett og slett tåpeleg, langdryg og spekka med altfor mange adjektiv og dårlege metaforar. Eg hadde nok endåtil blitt fornærma om eg hadde vore Dan Brown. Da Vinci-koden er lysår betre enn denne drittboka, den har i samanlikning eit interessant plott, ei spennande handling og er ikkje fylt av slikt romantisk klissejåleri som Labyrinten er.

For all del, IKKJE les den!

Ingen kommentarer: